Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Ei uløyst gåte på Nordfjellet i 1911


Det var i 1911 dette hende. Ei gammel kone, Josefine, vel 70 år, kona til Benjamin Ulven, var setertaus på Ulvensetra i lag med søstra, Malena. Dei to søstrene lika seg godt i fjellet, og var ofte der til snøen kom om hausten. Det var for det meste geiter dei dreiv med, og dei laga geitost.

Josefine fortalde at den beste reklame var at når dei skar ost i to, sto geitragget ut som busta på ein uskåla gris. Når folk såg det, visste dei at han var frå Ulvensetra, og då gjekk han som varmt kveitbrød.

Så var det sumaren 1911, Josefine skulle gp på Skeisetra, ein naboseter, for å låne kaffi. Frå denne turen kom ho ikkje att. Ho hadde vore på Skeisetra, og skulle attende til Ulvensetra, men ho kom ikkje att. Då vart det sendt bud med slåttefolk som dreiv med slått rundt setra. Då dei kom til bygda og fortalde dette, vart det sett i gang leiting.

Det vart sett inn nye folk i leitinga. Dei gjekk manngard i fjellet, og det vart sokna i tjern og vatn. Det einaste spor som vart funne, var ein  blå dall som Josefine alltid brukte og bera med seg, når ho gjekk i fjellet. Han vart funnen ved Spøkluten. Det kan tenkes at ho har gått seg ned her, for her er det delvis hengemyr, og det er einaste plassen det er slik myr kring i dette området.

Men all leiting var forgjeves, Josefine vart og er borte den dag i dag, uten at det har lukkast å finne noko sikkert bevis på korleis ho var kome av dage.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *