Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

EI UNDERLEG SOGA

På ein gard i Eiken budde det for 3-4 hundre år sidan ein mann som heitte Bjørn; kona hans heitte Gro. Seint ein kveld kom det ei stygg fantekone inn til Bjørn, medan Gro var i fjøset og mjølka. Ho sa at hvis han ville liggja hos henne om natta skulle han bli rikaste mannen i bygda. Men Bjørn ville ikkje liggja hos henne og sa:

– Eg æ då inkje noko svin hella.

Då blei fantekona sinna og sa:

– Sidan du ikkje vil gjera det, skal du aldri koma til å bry deg om kona meir, men slåst og trættast med henne så lenge du lever.

Så for ho sin veg.

Då Gro kom inn frå fjøset, sat Bjørn i kubbestolen og var sturen og i ulag. Gro ville ha greie på kvi han sat slik og ergra seg. Men Bjørn meinte på at det hadde ikkje ho noko med. Ho kunne berre halda totot og gå og leggja seg. Dette var meir enn Gro tolde. Ho dreiv til mannen sin med mjølkeringa så det kvitna for augo hans. Og så rauk dei i hop og slost så fillene fauk og vråla så folk høyrde det lang veg.

Etter den kvelden blei det alltid kjevling og uvenskap mellom dei.

Gutane der på garden fekk snart greie på levenet mellom Bjørn og Gro. Og ein kveld pila dei fulle lommene sine med stein og kleiv opp på eldhustaket. Bjørn og Gro sat og trettast på det aller verste. På åren hang ei gryte over elden. Dei ville
koka poteter til kvelds, men dei var så oppøste at dei sansa ikkje å ha i korkje poteter eller vatn. Bjørn stod med ein tresko og ville dengja kjerringa og ho sprang med ein glosnart og ville stikka bort i skjegget hans. Då slepte gutane ned nokre småsteinar. Ding, ding, ding, ding sa det i gryta. Bjørn slepte treskoen, og Gro blei reint vitskremd.

«Høyr nå, Gro», sa Bjørn. «Det æ Gamle-Eirik som spelar for okke.»

Det blei slutt med tretta den kvelden.

Nokre dagar etter kom det ei anna fantekone til gards. Ho fortalde at det var ei heks som hadde vore på garden den gongen og gjort vondt på dei. Men nå skulle ho gje Bjørn eit godt råd. Han kunne herre gå bort i skogen til ein liten dal tri torsdagskveldar etter kvarandre. Dette gjorde Bjørn, og då han kom heim att tredje kvelden, var Gro så blid som dei skulle ha vore vener alle dagar.

Etter den tid blei dalen heitande Torsdalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *