Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Eikersunds-kyrkjo

Fyrst tok dei til aa byggja upp kyrkja paa Skaar, vert det sagt. Timberet var ført dit, og dei hadde sett upp muren og teke til so smaatt med timbro. Men so kom det ein korp fjukande; han tok ei flis i nebben og fauk av paa ein holme tett utanfyr den strondi som Eikersund no er bygt paa. So reiv dei ned det dei hadde sett upp, og bygde kyrkjo upp der som korpen hadde lagt flisi. Paa Skaar kann ein enno sjaa muren som dei hadde tenkt aa byggja paa.

Eikersunds-kyrkjo heiter enno ramnakyrkjo, og den kyrkjo som no stend, skal vera bygd i 1600.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.