Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Ein arbeidsmann

(Kjelde: Nils Akslen)

Han Iva Grindstugun var frå Andvordshaugen og gift med Torø Tostendotter Vågåsarmoen. Han var i 80-årsalderen da eg lærde han å kjenne. Han hadde visst vore brjotande sterk.

Han gjekk aldri gjerandslaus. Eg budde i Grindstugun den vinteren eg gjekk framhaldsskulen og eg sat ofte om kveldane og høyrde han fortelje frå gamle dagar.

Han braut upp heile Søre Nylendede i Vurvold mot at han skulle få bruke det fritt så lenge han levde. Da han flutte frå grenda, selde han bruksretten til Lars Åmillom, som da åtte Vurvold, for 10 dalar. — Og eg tykte det var mange pengar, sa han.

Han braut upp Iva-åkeren på Kvamme, for betaling i pengar.

Like til det siste arbeidde han med stein i Grindstugun. Alle dei store steinrøysene der er minnesmerke etter honom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *