Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Ein blind bygdesnikkar frå Beitstad

Per Melgård var blind, men var tross dette ein av dei flinkaste snikkarane som har vore i bygda. Han dreiv både som møbelsnikkar og bygningssnikkar. Det er endå så vidt ein veit møblar i bygda som han har laga. Dei mest interessante var skrivepultane hans, med rullelokk og lønnskuffe. Lønnskuffe vart vanleg bruka i møblar før i tida, og til å gøyma verdisakenei, dette i staden for lås.

Dette hende i unionstida med sverige. Ein gong den svenske kongen var på vitjing i Norge, fekk han høyra om den blinde snikkaren i Beitstad. Han var i tvil om at han var blind då han fekk høyra om kor gilde møblar han laga. For å kontrollera dette, sende kongen bud etter Melgård om å koma til Stockholm. Melgård tok da turen til Sverige. Då han kom til kongen vart han sett i ein mørk kjellar for å laga eit møbel.

Her laga Melgård eit fint skatthold til kongen (eit møbel som var mye brukt før i tida), og i dette skattholdet laga han ei lønnskuffe og i den la han eit lommeur.

Da kongen kom og skulle sjå på arbeidet, vart han opp i undring over det flotte møbelet, og da han skulle finna lønnskuffa fann han ho ikkje. Han høyrde klokka pikka inne i møbelet, men det lukkast ikkje for han å finna skuffa. Kongen måtte da medgi at Melgård hadde ein givnad langt over det vanlege.

Det var somme som for til Melgård for å lera snikkaryrket. Ein av dei var Hågen Sve. Melgård bruka, når han skulle foga saman plattar, å draga fingrane etter foga for å kjenna om den var plan. Dette kunne Sve også ofte gjera etter at han var ferdig med læra og starta med å gjera møblar på eiga hand, men han hadde gode augo.

Melgård dreiv og med bygningsarbeid, og var fleire stader og sette opp hus. Men det var for møblane han var mest kjend.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *