Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Ein bortkomen gut paa Karmøy

Det var ein gong ein gut som skulde til fjells og leita etter smale. Han gjekk heimanfraa um morgonen, og daa kvelden kom, var han endaa ikkje attkomen. Dagen etter var han endaa
ikkje komen. Husbonden fekk daa nokre folk med seg og for til fjells paa leiting. Det leita heile den dagen til det leid imot kveld; men guten hadde dei endaa ikkje funne. Daa laut det heim etter fleire folk.

Daa var dei støde paa at han var innteken i fjellet. Det vart kveld fyrr dei kom seg i veg, og daa tok dei med seg lykter og ei byssa til aa sjota han ut or fjellet med, og so ein tole-kniv til aa skjera med, um han skulde vera tauvra. So tok dei ut paa leiting ein gong til.

Det leita heile den natti, og heile dagen etter og den andre nåtti med; men guten fann dei ikkje. Den tridje morgonen, nett med same dei skulde taka paa heimvegen, var det ein som fekk sjaa eit menneskje millom nokre steinar. Det var guten. Daa han høyrde det kom folk, kreppte han seg i hop so ingen skulde sjaa han. Dei tala til guten; men han svara ingen ting. So tok dei han med magt og bar han heim. Det laut riva klædi av han, og daa fann dei eit stort sylvlekkje under vesten.

Han vart liggjande heile dagen og sa ikkje eit ord. Imot kvelden aat han lite grand, og daa fekk dei so mykje ut av han at han ingenting visste um kvar han hadde vore alt ifraa han for ut og til den morgonen dei fann han. Korleis han hadde fenge sylvlekkjet, det visste han ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *