Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

EIN DRAPSMANN

Lenge før landet vårt blei skilt frå Danmark levde det ein mann attmed Lygnevatnet i Eiken
som del kalla Tobias Massen. Han var ein hard og kald kar. Somme meinte
han vanta noko på vitet, og når han fekk i hovudet, bar han seg som ein
galning.

Det var jolegilde på Hobbesland. Medan Mass og grannane sat og drakk,
kjem Tobias starvande inn og roper faren ut. Dei blei lenge ute, så
grannane gjekk heim kvar til seg; og dei ana ikkje kva som gjekk føre
seg bakom løa på garden. Men om morgonen dagen etter fann dei blodvegen
til låven. Der låg gamlingen død på noko lauv.

Folk trudde Tobias til drapet, men dei hadde ikkje vitne på han.

Åtte dagar etter skulle Mass gravleggjast med Eiken kyrkje.
likfølget køyrde over Lygnevatnet, hoppte Tobias opp på kista og ropte:

«Du va gill Mass, du va gill Mass. Alle drepa Mass meir.»

Nå blei Tobias klaga og sett i lensmannsarresten. Der blei han i mange
år og venta på domen. Endeleg fekk lensmannen eit stort, tjukt brev, og
då bygdefolk fekk greia på at drapsmannen skulle halshoggast femten
steg frå dørsteinen på Hobbesland, der drapet hadde gjenge føre seg,
blei dei urolege og ottesame. For dei trudde det kom til å skrymta i
Hobbeslandstunet dersom straffa blei fullbyrda der. Og så fekk dei Ånen
Hobbesland til Kristiansand
og tala saka deira. Han fekk det til slik at Tobias var galen, og då
dei høyrde korleis han hadde bore seg i likferda, sende dei med Ånen to
lækjarar. Dei fann ut at Tobias var sinnsjuk, men han laut likevel
sitja endå ei tid i fangehuset. Seinare kom han laus, men døydde straks
etter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *