Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

 

 

 

EIN FARGERIK LENSMANN

ILLUSTRERT AV: Olav Hustved

Gamlelensmannen, han Mads Sæve, budde på Voss omkring 1700 (1645-1715 ). Det går mange skoser om han, for det meste om kor gjerrig og ganten han var.

Ein gong bad lensmannen drengen sin om å snekra ei grind til eit grindalé. – Kar vé du eg skal setja henne opp dao? spurde guten. — Jau, du faor setja henne opp pao lømøné, svara lensmannen.

Nokre dagar etter stod grindi og blafra på lø-taket.

– Nei, no trur eg du er votten spikande galen, sa lensmannen. — Da va ordùr, sa drengen.

So var det ein gong lensmannen hadde eit ærend på Vangen. Ute på tunet trefte han han Ola dreng, som spurde kva han skulle ta seg til den dagen.

– Du ska kjøyra ut myk i dag, sa lensmannen.
– Kor ska eg kjøyra henne ao, dao? sa guten.

Lensmannen vart arg over dette spørsmålet, og sa: — vait du ‘kje kar du skal gjera tao henne ein¬gong? – Kjøyr adl mykjæ pao ælvè, vait eg. Dermed snudde han drengen ryggen og reid på Vangen.

Det var skyminga då han kom heimatt. Det fanst ikkje ein møkdunge på jordet. Men elva såg noko brunfarga ut, tykte lensmannen og reid til tuns i rjukande fart. Der råka han på Ola.

– Kar ha du gjort tao mykjen? sa han og var faderleg morsk.
Ola svara, ful og forbanna:
– Eg kjøyrde henne pao ælvè so eg va be’en, vait eg.

Ein sumar skulle lensmannen til støls. Men før han gjekk, sa han til drengen at han skulle flytta ut smalagrindane. Dei skulle gjerast reine.
– Kar ska eg gjæra tao dai dao? spurde han Ola.
– Set dai opp pao lofte, vait eg, sa lensmannen, han lika ikkje slikt mas.

Jau, lensmannen hadde kje før kome seg av garde, så tok han Ola til å flytta dei skitne grindane opp på stabbursloftet. Der hadde lensmannen både skattkista og papira sine. Ut på kvelden då han kom heim att, gjekk han opp troppa til loftet og skulle inn. Men då vart han forbina til gagns: Heile loftet var fullpakka med smalagrindar, det var ikkje råd å få foten innom dørstokken. Det vart eit fæla bal med å rydja bort alt i hop, og lukta vart han’kje kvitt før langt ut på hausten.

Lenger ut på sumaren dreiv lensmannen og drengen hans og slo selstræet. Medan han var på stølen, fekk han høyra at det hadde vore tjuvar på ferde nede i dalen. Fleire stader hadde dei brote seg inn. Han kom i hug pengekista si, for opp og la på sprang heimover. Han Ola dreng vart forviten kva det vel kunne vera, og flaug etter.

Då lensmannen kom til gards, såg han straks at det hadde vore ubedne gjester i tunet. Det synte seg at dei hadde nasa på pengekista Og. Skjelvande let han opp kista og gav seg til å telja pengane. Men det var ikkje noko borte denne gongen, so han kom til hektene att. Best det var, kom Ola setjande. Han skjøna godt kor det hekk i hop.

– È da nokko tiss, so eg ska hjelpa deg? spurde han.
– Nai, ha deg berre té støls attù du, so ska eg stedla haima, svara lensmannen.

Han var ikkje lenge borte frå pengekista si etter den dagen.

So var det midt i slåttonna, dei dreiv på som hardast. Då det leid til dugurs og dei skulle til å eta, vart lensmannen redd at slåttefolket kom til å eta for mykje. Dei heldt nett på med maten på grannegarden eit stykke borte. Lensmannen lurde og lurde på råd, så gjorde han seg svært blid og sa til slåttefolket:

– No skù me setja oss ne’ å eta, men me skù ‘kje eta skikkjele. Me berre læstù so me eta.

Og dei så gjorde. Dei sat alvorlege og lest som dei åt, alle saman. Etterpå skulle dei til å slå att. Han Ola dreng tok då ljåen or orvet, og berre gjekk som om han slo. Slik for han gjennom tjukkaste graset. Lensmannen ropa og spurde kva slikt skal segja.

– Å, naor me skù lestù so me skù eta, so skù me vel lestù so me slao og dao! ropar han Ola og driv på like godt.

Då visste kje lensmannen anna råd enn han lunta heim etter både spekekjøt, poteter og flesk og drog med seg på slåtteteigen. Folka på grannegarden vart forbina då dei såg slåttefolket hans Mads åt middag andre gongen den dagen. Men lensmannen fekk dei til å teia om kva som gjekk for seg på lesmannsgarden.

ILLUSTRERT AV: Olav Hustved

Sæven hadde vori gift tri gonger, og hadde 21 bom. Alle innfødde vesser som ber namnet Mads i dag, ættar dei frå lensmann Mads Sæve. Han har fenge ein minnestein i tunet på Sæve.

Attåt å vera lensmann var Mads øvste domar på Voss i si levetid. Distriktet hans var det gamle Vossaveldet, med Evanger, Eksingedalen, Vossestrand, Granvin og Ulvik. Han dømde fleire til døden, millom dei eit ektepar frå Eksingedalen. Dei hadde slege i hel ein skreppekar og teke pengane hans. Liket grov dei ned. Men faret til skreppe-karen gjekk til garden deira, og Sæve’n dømde dei til døden og fekk dei halshogde.

Det var faste rettarstader både på Sandneset og i Sundet. Den siste bøddelen, eller meistermannen som var i arbeid på desse kantar, var frå garden Isberg i Sørfjorden. Det var truleg han som avretta desse eksingedølane.

Ein mann frå garden Honve vart avretta i Sundet. Han var og dømd for dråp. Kona hans var på baking på garden Bø på Dyrvedalen same dagen det hende. Ho tøygde seg ut og såg etter sola, og so sa ho:

– No æ da pao da leite atti’ hove til mannen min rodla tao.

Det fortelst og ei soge om den natta gamlelensmannen døydde. Dødsnatta skulle folk vaka over den døde. Dei kalla den natta for vòkenattè på Voss. Slike netter dansa dei og heldt moro, som om inkje var, drakk gjorde dei òg.

Men den natta fall det ei jarnkule frå ei hylle over senga der liket låg og trilla bort til pengekista til lensmannen. Folka vart forbina, og mange tok det for eit vondt varsel. Dei leita etter kula rundt kista, men fann henne ikkje. Best det var, trilla kula fram att og på hylla. Tre gonger skulle dette ha teke seg oppatt.

Folka var då vortne so skræmde at ingen våga å dansa meir. Mange fann det best i å koma seg heim. Dei som sat att, sat tagale og lurde på kva slikt skulle tyda.

Men lensmannen hadde sikra seg gravplass under kyrkjegolvet for 6 dalar. Der ligg han gravlagd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *