Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Ein gammal enkjemann i Nilsgarden…

Ein gammal enkjemann i Nilsgarden på Kile fria til ei ung jente i Pessgarden på Nøre Bjørkedal. Det var foreldra den tida som rådde for kjærleiken, og eit godt gifte var den som hadde «jord og brød». Jenta skulle vere so pen og. Men ho ville ikkje ha den gamle enkjemannen. Ho protesterte på det meste og bar seg ein dag for mora at ho ville ikkje ha den gamle stynulken. Men mora som tenkte mest på rikdomen i Nilsgaren, trøysta henne, «Berre reis ned til Kile du lita, det er vel ikkje so lenge før mannen døyr, og då kjem knappakarane.» sa ho. Eit år etter at ho var gift, døydde gamlen, og då vart ho gift med ein jamaldring.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *