Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Ein god tømmerhandel

Somme av dei som hadde skog, kunne selle tømmeret på rot. Han som kjøpte, dreiv da fram tømmeret.

Han Anton Skinnerud i Torpa selte tømmer på det viset til Nils Hornslien.

Lars Myre som hadde seti med garden før Anton, hadde ikkje hogd noe i si tid. Så det var diger skog på Myhre ved dei tider.

For det tømmeret som vart blinka for hogst, skulle Nils Hornslien betale 30 kroner pr. busketylft. Han fikk ut mye tømmer som heldt 12 til 14 tommar topp. Det var stokkar som var oppe i 18 tommar i toppmål.

Hans Nils tala på dette og sa at han visste ikkje av å ha gjort bedre tømmerhandel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *