Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ein gubbe med gevær

På Bendos-vollen i Ålen var to småjenter med ein sommar. Dei var mykje ute og leika, men ein kveld fekk dei sjå ein gubbe som sat på ein stein med gevær mellom knea. Han hadde topphuve på, og han var mykje mindre enn vanlege gubbar.

Jentene vart redde og sprang inn.

Vaksnefolket gjekk ut og ville sjå kva det kunne vera, men no var det ingen gubbe å sjå. Det var ikkje merke etter han ved steinen heller.

Stor buskap

På same vollen har det syns seg mykje underleg gjennom aldrane. Ein haust sist på 1700-talet flytta folket på vollen heim tidlegare enn grannane. Den morgonen grannane for såg dei ei budeie som batt inn ein stor buskap på Bendosvollen. Det var store og mørksida dyr med store honn.

Ein annan buskap

Ein dag var kyrne borte lenger enn vanleg. Dei undra seg på kva det kunne vera som hefta dei, men endeleg såg dei ein buskap koma nedetter Slettfjellet og vart borte nedi ein bekkdal. Det var i Ledalen, og buskapen vart borte han. Dei såg ikkje snerten i han meir. Dyra som hørte garden til kom nedmed Forra. Dyra som rak Slettfjellet nedetter hørte nok dei andre til.

Liten mann bak gjerdet

Seinhaustes var folket på sætra og skulle ordna til heimferd. Sætertausa hadde vaska opp og ordna både med koppar og klede.
 
Det var kølande mørkt. Sætertausa gjekk ut og skulle ta inn klede på snorene. Snora var spent ut frå buveggen og festa i ein stolpe i utgarden. Det var like attmed buglaset og ljosken frå åreelden sto ut gjennom glaset og bort mot utgarden.

Og der bak stolpen som klesnora var festa i – sto ein liten kall med langt, kvitt skjegg og blå huve. Han sto heilt roleg og sa ingen ting.

Jenta var stiv av redsle. Men ho kom seg inn i bua og sette seg på ein benk attmed peisen.

–    ”Det står ein kall attmed utgarden.”
–    ”Tull, sa mannen sjøl.”

Han gjekk ut og ville sjå den fra-mande. Men han såg ingen ting. Vinden ruska i bjørkeskogen og kletørken slang i snoa.
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *