Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ein halv hest i vegen

For rundt 80 år sia kom ein mann frå Hovsløkken i Soknedal gåande vegen over Hovsmoen frå Soknedal sentrum. Det var seinhaustkveld, bar mark og halvmåne.

Vegen over Hovsmoen er den gamle kongsvegen. Her gjekk ferdsla før den nye vegen vart lagt nedmed elva Sokna.

Bygdavegen til Solumsgrenda tok av frå den gamle kongsvegen og bar oppetter noen myrar med barskog.

Der var eit gammalt grustak, og i det mannen nerma seg grustaket kom ein hest ut på vegen. Han hørte kor det sangla og skrangla under hestføtene når skoinga slo mot småstein og grus.

Men det var noko rart med denne hesten. Det var faktisk berre ein halv hest. Han såg ingen frampart. Bakparten derimot var vel utvikla. Hesten viska og slo med rumpa der han skreva på frametter vegen i måneljoset. Han vart borte attmed eit grindsle i vegen.

Mannen såg ikkje meir til hesten, men han hørte kort det tusk og tasla i myr og mose bortetter moen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *