Internt referansenummer: 29.04.2011 – B
Kilde: norske sagn
Redigert av: DR. PHIL. R. TH. CHRISTIANSEN
Forord av: PROFFESOR DR. KNUT LIESTØL
Samlet ved ALLERS FAMILIE-JOURNAL
H. ASCHEHOUG & CO (W.NYGAARD)
OSLO 1938
TEGNINGER AV ASLAUG TRANHEIM OG SVEIN BURAAS
OMSLAGSTEGNING AV HENNING GRAN
Klikk her for å lese “Forordet”.
Klikk her for å lese “Innledning”.

Ein klok prest

Søren Schive var prest med Bjelland, Finsland, Grindheim og Åseral. Segni fortel at Schive hadde gjenge på Svartebok-skulen i Tyskland, og der såg det ein gong spøkjeleg ut for han.

På skulen var han i lag med seks andre prestar. Til løn for lærdomen skulde Gamle Erik ha ein av læregutane, og då skulen var slut, kom han og vilde velge seg ut ein. Dei unge prestane var ikkje redde, dei hadde funne ut ein måte, so dei skulde narra han.

Soli skein fint den dagen, og prestane hade skipa seg i rekkje etter kvarandre, beint mot soli. Schive var den siste i rekkja. Gamle Erik såg kvasst på den fyrste og sa: «Er det deg eg skal ha?» «Nei, det er han som står bak meg!» svara han. Soleis heldt dei på heile rekkja burtetter. «Men, so er det vel deg eg skal hava?» burer Gamlen på og triv Søren Schive i trøiekragjen. «Nei, det er han som står bak meg!» svara Søren Schive, og Gamle Erik slog kloa i skuggen til Søren Schive og reiste med den.

Siden kunde Søren Schive gå i det finaste solskin uten at han hadde nokon skugge.

Opskrevet av Eilert Smedsland, Kollungtveit pr. Mandal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *