Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Ein lærepenge

Inne i Arnafjorden levde ein mann som heitte Karl. Han var vide kjend for å ha stor moro av å erta folk. Men frå tid til annan var det dei som såg seg leie og trøytte på all ertinga hans. Å få han til å slutta med det, såg ut til å vera ei vanskeleg oppgåve.

Då var det at bror hans som elles ikkje for med fantestreker, sette han så kraftig til veggs, at han sjølv fekk låtten over seg berre det vart snakka om rjomegraut.

Det heile gjekk slik til:

Dei to brørne skulle fram i dalen og hugga stølsved. På vegen dit vart dei samde om at dei skulle koka rjomegraut når dei var ferdige. Men dei skulle koka kvar for seg og sjå kven som vart først ferdig.

Då hogsten var over, gjekk dei ned på stølsvollen og inn på kvar sitt sel for å koka grauten. Det var likevel ikkje lenge før broren kom ropande ned til han Karl og spurde:

«Ha du kje haingt yve endao? No koka da snart uppe hjao meg.»

Då Karl høyrde dette, vart det fart i grautkokinga hans med, han ville ikkje vera den som sto til atters og kan henda få høyra det i lang tid etterpå.

Broren gjekk opp att til seg sjølv. Men ei heller kort tid etter kom han ned att og fortalte at han var ferdig med sitt matstell, og nå ville han smaka på Karl sin graut.

Men det vart ikkje berre med ein smakebit. Karl vart meir og meir i undring då han såg korleis broren åt den eine skeia med graut etter den andre. Han sa likevel ikkje noko. Då dei var ferdige med å eta sette broren i ein gapskratt og sa at med ein så god graut som Karl hadde laga, var han glad han ikkje eingong hadde freista å koka nokon!

Denne ”stubb” har Olav Skjerven omtala i Syn og Segn (1950).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *