Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

EIN LEGDEKALL

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Per-Anders, eller Pers’n som han vart kalla, var frå Mørkve, men budde mesteparten av levetida på garden Bygd. Det kan vera kring 70-80 år sidan han levde, og han var då ein gamal legdekall. Han heldt oftast til på florslemmen, levemåten var ikkje rar. Pers’n var litt av ein bygdeoriginal, enno den dag i dag lever han på folkemunne i Myrkdalen.

Når ein mann no til dags er sta eller einsynt, seier dei gjerne at han er «Pers». For Pers’n var ein mistruen stabukk alle sine dagar, og han hadde ikkje tiltru til nokon. Folk såg gjerne ned på ein stakkars legdekall i dei dagar, han var ikkje stort verd. Alle rispene som går om han Per-Anders viser kor einstaka og sta han kunne vera.

Ein gong han sat attved peisen og vermde tærne, tok ei kone på garden og la ei glo bort på tåa hans. Pers’n let berre gloa liggja heilt til naglen kurla seg oppover. Å nei, Pers’n var kje den som let seg uroa unøgjes. Han hadde ei geit, som fekk ein brå ende. Ho var so lei til å skvera, og ein kveld Pers’n las kveldsbøna, skvera geita slik at Pers’n kom ut or teksten. Det var det siste den geita gjorde.

På Bygd hadde dei ein hest som var so kveppen at han tolde ikkje dei kom bort i beina på han. Dette visste ikkje han Pers-Anders, og ein dag han kom gjennom tunet der hesten stod tjora, spurde dei kva han totte om beina på hesten. Pers-Anders gjekk bortåt og ville til å stryka han oppetter beina. Men då spente hesten so Pers’n hamna langt utpå tunet. Men han gav seg ikkje med det. Han gjekk laus på hesten og hekta seg fast i rova på han. Hesten spente, Pers’n hang fast, dingla opp og ned som ein annan ball. Den som laut gje seg, det var hesten.

Ein vinter Pers’n fekk køyra over Myrkdalsisen, ramla han av sleden og for uti ei råk. Då dei fekk han opp att, ville dei ha han på sleden og få han i hus so snøgt råd var. Men nei, han ville gå, han. Bitande kaldt var det, og på resten vart han stiv som ein kubb. Då rulla dei han opp på sleden og batt han fast, og slik køyrde dei han heim.

På ein auksjon baud Pers’n på ei gryte og fekk siste bodet. Men då lensmannen såg at det var Pers’n som hadde fenge tilslaget, ville han gjera det omatt, for han tiltrudde ikkje Pers’n gryta. Då var Pers’n framme og fekk kloa i gryta og smelte henne i ein stein så ho gjekk i knas. So sa han til lensmannen:

Ve ‘kje du tetru meg gryto, so ska eg tetru henne te den karen!

Ei natt låg han i ei utløe. Det regna kraftig og taket var utett. Kvar han snudde seg, fekk han dropeslag. Då vart han arg og let det berre drypa. Men om morgonen var eine auga opphovna og stygt etter dropane som hadde råka han der, men gje seg? Nei, ikkje Pers’n.

Når Pers’n skulle lesa i tekstboka, gjekk han alltid opp på Bygdahaugen og sette seg. Medan han sat der og las, kom det ein dag ein annan legdekall opp til han, og han peika på potetåkeren åt grannen og sa:

Da è vel ikkje nokkù synd om enn gjengù bort dar og finnù seg nòkra poto?
Å nai, sa Pers’n, ho saie ‘kje nokkù om da, den rùggo her, svara Persn og slo på boka. — Men ta mè nokra aot meg òg dao!

Pers’n heldt seg gamal ungkar, men det sagdest at han hadde ein unge einkvar staden. Han ville at ungdomen skulle gifta seg — og so etterpå ta til med «gjerningo». Men sta var han støtt, som den dagen han rende eine tåa bort i ein stein i vegen. Då fór han heim etter spett og maksla og grov til han fekk steinen opp — og so bar det beint på elva med han!

Då Pers’n låg på sitt siste, kom katten opp på fotafjøla ein dag og drakk opp mjølka hans. Då vart han so arg at han samla sine siste krefter, for opp og treiv katten i bakbeina og slengde han mot ein stolpe so han låg dau på flekken. So sa han:

Deg tenktest eg ikkje væ skuldigù nokkù!

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *