Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ein må stø te sjøl

I Støren prestegard var det mykje ungdom mellom tenarskapet. Ein julekveld fann ei av tenestjentene på at det skulle leggja skjortene og serkane som dei skifta av seg bort på låvegolvet. Jenta var frå ei anna bygd og hadde hørt fortald at om ein gjorde dette, ville ein få svar på om nokon av dei skulle bli gift i det komande året.

Skjorta eller serken som vart bretta ihop julenatta, gav svaret. Og hende det at ei skjorte og ein serk vart tulla ihop da ville det bli eit par av dei som åtte desse.

Etter å ha vaska seg og skifta klede gjekk ungdomane på låven med serkar og skjorter, lo og hadde moro av påfunnet.

Etter maten og juleevangeliet måtte jenta ut ein tur og ho vart lenge ute.

Og om natta vart serken hennar og skjorta til ein av tenestgutane parra ihop så dei mest ikkje var til å få ifrå kvarandre. Dei to vart gifte og levde godt ihop.

Han sa at det var som han ikkje hadde sett ho før hendinga med serken og skjorta, men det var no serken som hadde gått hardast på da.

Ho sa det slik:

–    ”Det henda rett mang gong at en kan bi nødd te å stø te lite grann sjøl.”

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *