Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ein må vårrå vakjin

Arbeidsgjengen i smia ved hytta på Røros tok seg ofte ein lur i kvileromet innfor smia. Alle karane både i gruver, i hytte og smie hadde gjennom åra fått seg kjælenamn. Ingen gjekk fri for dette.

Ein av karane vart set til vakt på plassen framfor smia med dei andre tok seg ein lur.

Men så henda det seg at vaktmannen også dorma av. Det vart for roleg for han i solsteiken.

Da kom hyttmesteren han Dam gåande. Han gjekk framom den sovande vaktposten og gjekk inn i smia. Der var det ingen. Han tok opp døra til kafferomet og der sov heile karhopen. Dei vakna og fekk pålegg om å gå til arbeidet.

Apoteker Slarpe og Gauken sa da til vaktmannen som hadde somna:

–    ”Nei Ingvald det her går inte, en må sanneleg vårra vakjin den som ska vårrå her.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *