Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Ein munnrapp skulegut frå Beitstad

 

Om ein mykje kjend, no avdød mann fra Beitstad, er det fortald fleire historier frå den tid han gjekk på skule. Ein gong han kom heim frå skulen, spurte foreldra honom om kvad ei hadde for seg på skulen, som skikk og bruk var. Han svara at læraren hatta tala om Vår-Herre,

–    ”Han spurte meg om han hadde vore hos oss.”
–    ”Ka svara du da,” spurte foreldra.
–    ”Æ svårrå som saint va, at hos oss ha’n itj verri, fer de’ va’ så bratt at Vår-Herre kom itj opp”

Foreldra, som det kanskje var litt meire omlaup i haue på, sa da at slik måtte han ikkje svara.

–    ”Du kan da skjønn at han hi verri her hos oss som hos aill de ainneran!”

Dagen etter, da han kom på skole, sa han til læraren straks han kom innom døra:

–    ”Nå jo, hain hi rætt verri der ja”

Læraren som ikkje hugsa det dei heldt på med dagen før, spurte kven:

–    ”Hainder Herre denna, som du snakka om i går, æ va itj heim æ da’n va der, æ va oppi skoja ætti bar åt geitåm.”

Ein annan gong spurde læraren honom kor mange føter hanen deira hadde.

–    ”Hain hi fir fota hain.”

Så spurte læraren ein gut frå grannegarden:

–    ”Har hanen dykkar mange føter?”

–    «Hain hi bærre to fota hain.”

Da sa han som fyrst vart spurt:

”Nå ja, men så e de’ no my minner hani å de’ da.”


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *