Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Ein ormemanar

Viglesdal er ein gard øvst uppe i Aardal. Der er frami fraa godt beite, og husi ligg paa ein slett mo millom høge fjell uppfyre Viglesdalsvatnet. No er det mange aar sidan det bodde folk paa Viglesdal; dei brukar heile garden til sumarsbeite. Men i gamle dagar budde det sakte folk der.

Ein ting som var leid fyr desse folki, var all den ormen som heldt seg der uppe. So var det ein gong det kom ein framand mann til Viglesdal. «Korleis er det, vert de ikkje plaaga av ormar her?» spurte mannen. Jau det var vel so, sa mannen som budde paa garden. «Kva gjev du meg at eg skal faa ormarne bort?» sa mannen. «Ja kunde du det, so skulde me takka og betala deg godt,» sa Viglesdals-mannen. Men fyrst spurde daa trollmannen um det fanst lind paa garden; um so var, so torde han ikkje vaaga seg i kast med ormen; for i lindi heldt det seg ein orm som var so svær at han ikkje torde leggja seg upp med den. Nei, Viglesdals-mannen visste ikkje um at det fanst lind paa garden. Trollmannen tok daa paa bera ihop tras og annan ved og lagde han millom nokre steinar. So kveikte han eld paa og sette seg uppaa steinarne og gav seg til aa trolla. Daa kom det ormar rennande fraa alle kantar; det var so det berre ylra paa varmen. Best som det daa gjekk paa det likaste, fekk dei høyra ei fæl susing og pusting uppe i liderne. So kom det ein fæl lindorm og fór laust paa varmen; men daa han fór framum steinen, var det so nære som eit hengjande haar at han skulde teke mannen med seg.

Etter den dag hev det aldri vore orm paa Viglesdal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *