Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo


Ein prest i Ulvik

 

Ein prest i Ulvik hadde mange interesser utanom prestegjerninga. Mellom anna var han ein ihuga jaktmann. Men han hadde lett for å bli litt oppøst når noko stod på.

Så var det ein gong han hadde fått utstyret på og rifla over herda og etla seg på jakt. I det same kom eit ungt par inn på tunet. Dei ville gjerne bli vigde på prestekontoret med same, for dei var fjellfolk og kunne ikkje kome frå kva tid som helst.

Presten svara: «Nei, nu har jeg absolutt ikke tid ! Men gå dere bare hjem og lev som skikkelige ektefolk. Jeg skal komme til fjells og vie dere når jeg får tid»…

Dei unge gjorde som presten sa…

Om presten gjorde det han lova, fortel ikkje soga noko om…

Du Rostrup, du Rostrup

Same presten var midt i preika ein sundag «Sunnhordland» stemde inn fjorden og tok den vanlege svingen mot bryggja. I det same skar fløyta fløyta i, skarp og meir gjennom trengjande enn noko gong. Truleg var det kaptein Rostrup sjølv som drog i fløytesnora…

Presten kvakk til og kom heilt utav det. Han vart ståande på stolen og berre lydde. Så sa han lakonisk: – Du Rostrup, du Rostrup…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *