Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Ein skogrøvar

Inne i Høydalen var karane i fiskje, og det var berre kvinnfolka og gamlekarane som var heime. Ein dag med regnver og slaps kom der ein mann frå skogen og tok inn i ei av stovene på garden. Mannen var lurvet og såg sjasken ut. Klede og sko var mykje slitne, og mannen såg ut som ein skogrøvar. Mannen sette seg på ein stol og sa ikkje eit ord. Alle i huset syntest det var nifst. Det var berre kona og borna som var heime der i garden. Dei prøvde å få mannen til å tale, men det var ikkje like til. Kona i huset sa:

«Det er ikkje kjekt for fiskje-karane som må vere ute på havet i slikt ver».

Men mannen sa berre:

«Sjoa-båta».

Etter desse orda trudde dei at han var opplending.

Kona fekk lurt ut ei av døtrene som fekk varsle grannane, og alle gamlekarane kom. Dei bar inn ein slipestein som dei sette inn på golvet, og tok til å slipe knivane sine. Mannen luska då ut att, og dei såg han ikkje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *