Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Ein slaattekar fraa Ramnaas

Det var ein gong ein husmann som kom til husbonden og skulde slaa grunnleiga si. Han kom um sundagen og skulde taka paa slaatten maandags morgon. Daa sette han seg til aa smida (spikka) paa ljaaspytor. Han vann ikkje meir heile den dagen, og ikkje dei andre dagarne heller; heile vika sat han og smidde. Laurdags-kvelden skulde han til aa slaa. Daa spurde han fyrst husbonden um han vilde hava høyet raka med same. Mannen meinte det var best dei fekk det slege fyrst. Det var ved solarglad laurdagskvelden at han tok til med slaatten; men daa folk kom ut sundagsmorgon, daa var all slaatten avslegen; men høyet laag uppe i tretopparne.

Dette skal sant vera hendt paa Ramnaas.

Andre fortel det so at husmannen fekk ei gjenta med seg og skulde paa fjellet og slaa. Der uppe sette mannen seg til aa smida paa ljaaspytor. Daa det leid til kvelds um laurdagen, og ingen annen ting var gjord, tok gjenta til aa graata av di ho ikkje fekk raka. Daa sa husmannen at no skulde ho snart faa rakstr. So tok han paa aa slaa um laurdags kvelden, og um morgonen var det baade av-slege og raka. Kven som hadde vore med og hjelpt mannen, var det ingen som visste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.