Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Ein stor vassorm ved Fjellertjenne

Ein kar frå Tallbråten fekk sjå ein stor vassorm ved Fjellertjenne ein kveld han kom att frå skogen. Han fann seg ei grov raje og slo etter den, men berre snart den. Ormen gjorde ein bauk på seg og gjekk høgt i veret mot eit tre. Spolen tok borken så den spratt. Og det var ikkje mindre enn 5 alner opp på stomnen. Så stupte ormen seg på hovudet i vatnet. Karen sprang det snøggaste han vann heimatt til Tallbråten. Denne ormen vart sidan skøtin i same tjennet. Han flaut opp og vart liggjande ved land. Han skulle vera på lag som ein gild tømmerstokk, fortalde han gamle Kristian Gransbråten.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *