Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ein vinter vi låg med reinen i Kvitbergskogen…

 

Ja, det er mykje kringum oss som vi lite og inkje skynar oss på.

Ein vinter vi låg med reinen i Kvitbergskogen, vart eg skikka nedover til Rusånes (Saltdal) eit ærend. Det var djuprent, og eg fekk ikkje skien til å gang, so det vart kvelden innan eg la til fjells att. Eg tok upp i Indre-Rusånes. Då eg var under den øvste brattbakken i Bjønnhågen, tok eg eit lite kvilan. Medan eg no sat, kom eg til å få høyra eit slikt underleg mål. Det fyrste tenkte eg det var kattugla; for ho har det med å gjera mål medkvart. Men eg fekk det ikkje til å høva med den låten. Tok so eg til å gang etter lyden. For det har vore mi lukke i alle dagar, at eg aldri har funnest redd. Attmed ein hamar der fekk eg målet so meir enn klårt. Det let då jussom i ein runding kringum meg. Og på dette viset heldt det no fram ei økt, til det tystna av.

Eg kom baker åt gammen og tala um dette. Men ho mor vilde ikkje vita av anna enn det hadde vore fugl det eg hadde høyrt. Den same vinteren kom han Erik Larsa flyttande åt Kvitbergskogen. Han hadde fått dårleg reinbeite i Løns. Ja, so ein dag leidpå var vi reisande ned til Rusånes. Eg har visst gløymt og fortalt deg at han far min var død, so det var berre eg og ho mor som stia vår rein. Der i Rusånes bar det no til å drikka og gasterera med dei. Eg var berre gluntrakkar den gongen, so eg vart gangande å bia på det skulde bera til fjells att; men det vart seinkvelden innan dei kom seg til å fara. Det var måneskin og lett å reisa. Då vi var eit stykke uppe i fjellveggen, tok han Erik Larso til å reta meg for dette målet eg hadde høyrt i Bjønnhågen før på vinteren. No var det berre eg var kar um å rona det laust att, so skulde han ha ei råd med å få det tyst, sa han. Men kallen hadde ikkje før sagt ordet or munnen, før vi hadde kalde målet over oss. Men no var dei høveleg snytan, som eg seier; han for smått og trilla over, so han gav seg ein god dag i alt. Han berre hota med armane og gjorde mål att. Men dei fekk persing både den eine og den andre. For dentid vi var med sjykkja der vi hadde skien standande, gav det seg til å lesa so hårredøss so det berre svara i skogen. Men då mjukna dei av. Dei låg sluttpå på kne i snøen og både las og bad. Det var då jussom det tystna av, smått um smått. Og på det siste -let det i ein runding over hovuda våre. So døydde omen av baker mot hågen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *