Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971


Ein vital prest fra Snåsa (1718)


PÅ Snåsa var det kring 1718 ein sers vital prest, Nils Muus. Så var det ein gong bispen skulle koma på vitjing til Snåsa. Muus kjende frå før av at bispen var slik at når det var noko han lika, ville han gjerne ha det. No hadde presten fått tak i ein sølv snusdåse, og han visste frå før at når bispen fekk sjå den ville han ha den, difor hadde presten, som var litt av ein luring, fått inngravert eit lite rim på snusdåsen sin. Her er rimet:

Du skal ikkje begjære din nestes snushus,
Så siger presten Muus.

Det gjekk ikkje betre til enn at bispen såg med begjær på snusdåsen, men så vart han var det som sto på dåsen, og vart lang i maska, for med sin stand og stilling kunne han ikkje seia noko.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *