Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Einar Løndal f. 1914

(Mennesket og tonen)

Skrevet av Knut Buen


Den yngste sonen til Gunhild og Svein Løndal er Einar, fødd 1914. Han tok til å spela i
12 – årsalderen. Den fyrste læremeisteren var sjølvsagt faren. Og dei eldre brødrane, Kjetil og Olav hadde nok og betydning for Einar. Innverknad på den unge spelemannen hadde nok og songen til mora og systrane. Ellers vanka det mange spelemennar innom i heimen. Einar fortel:

– Det va' i 1925-26 da me budde i stuga på su-Solem eg byna o' spølå. Da kom det på meg som de' va' språkå…..Fyre den tid skjønna eg ikkje håsse nokon konne få te noko på eit instrument»….

Einar fortel vidare at han aldri sat og pugga slåttar direkte, men høyrde slåttane omatt ein par-tre gonger, og da «sat» dei som regel.

«Eg hadde so lett fe o' lære den gongen o' hugsa godt det eg ha høyrt, men det va' ikkje elle slåtta eg brydde meg om å lære…..Det va' no helst dem slåtten som greip meg…..Me hadde besøk ta mange spelemenna som kom med nye slåtta. Ein eg hugsa' spe¬siellt e' Johan Hjelmevoll ifrå Vestlandet. Han syns eg spølå uendeleg fint…., men han døe so ong han, berre so vidt fyllt 20 år. Trur det va' i 26 han kom heim te kånn den gongen o' da lærde eg mange slåtta ta honom. Helles larde eg no noko ette' grammafonplatu au. Serleg slåtten ette' Helvor Borgen syns eg va' noko ta det finaste som nokon ha' spolå inn i den gamle tide.» O. J. Rue fortel at Einar spela så forsiktig og fint if rå byrjan av. Dette rolege spelet har han halde ved lag i seinare tid og, men han kan da virkeleg draga på også den karen når lona kjem over han til det. Einar har temperament og det gjer ikkje musikken mindre innhaldsrik. Det blir variasjon og dynamikk over spelet når spelemannen har skiftande hugdrag….

Det er typisk for Einar Løvdal å halde strengt på ei slåtteform som han har blive fornøgd med. Ein slått som «Førnesbron» er eit godt døme på Einar si gode evne til å setja saman gamle vek til eit form-fullendt musikk-stykke. Hans form av denne slåtten er vidan kjent frå kappleikar og
radio-sendingar.

Einar eig eit stort reportuar av forskjellige slåttar og dansemusikk. Han har spela i ei mengd med gjestebod og lag rundt i heimbygda og ellers i landet. På festar har han spela mykje både til underholdning og dans. I 1952 fekk han Myllargutens sylvmedalje, på Notodden. 1954 vart han noregsmeister i Lom. Da vann dessutan kona til Einar, Margit, dans kl. A saman med Kjetil Løndal. På landskappleiken på Geilo 1969 vann og Einar A-klassa, saman med Olav Bøe. Ellers er det kjendt at Einar har vunne ei masse fyrstepremiar.

Som læremeister har nok Einar hatt størst betydning for oss yngre Tuddals-spelemenn, men han har vore søkt av mange spelemenn utanfrå også. Etter gamle Hølje Sletta overtok Margit og Einar ned-Sletta. Der har dei nyst bygd seg ny stugu og budd i mange år no. Dei har to døtrar, Gunhild og Ragnhild. Einar har i seinare tid teke til som felemakar, men det vil lesaren kunne finne noko om lengre ut i boka.


Einar høyrer og til mellom dei spelemennar som kan fortelja ein god historie. Er han i godt humør har han laget til far sin med og ymist spela og fortelja. Her fylgjer ein typisk historie frå Einar:

– Det var ein tuddøl som dreiv i skogen og så hadde han kasta bort kafiputten sin. Han leita både vel og lenge mellom lyng og kvistebåta, men fann ikkje att putten. Oppgjeven som tuddølen blei av leitinga etterkvart, spende han borti lynget og sa: «Det va' da likt te han sku' vørå somme sta'n.»

Einar Løndal har Telemark Fylkes kunstnarløn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *