Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Eit minne frå barneåra

Ein mann frå Leikvika fortel:

«Den verste uversdagen eg kan minnes, var ein marsdag i 1920. Eg var 14 år den gongen og gjekk på skolen.

Det hadde vore uvanleg mykje snø den vinteren. Lågfjøsen var så nedsnødd at når vi ungar sette av på ski oppe under heia, kunne vi renne heilt opp på mønet.

Av vaksne mannfolk var det berre to-tre heime i heile grenda. Dei andre var borte på fiske, og tre unge gutar hadde strøke med i spanskesjuka for eit par år sidan.

Kvelden før hadde det mollsnødd, så vi frykta for nordavind, og ho mor hadde derfor sett lukene for vindauga som vanleg når dei venta uver frå havet.

Om morran var eg ute i god tid og skulle gå på skolen. Veret var enno bra, men det snødde framleis. Med eitt braut nordastormen inn vika som sloppen av sekken og la alt i ein einaste vill kave av rokk og fokk. Eg var på tur til skolen, men måtte søke ly i nærmaste hus. Der var eg ei tid til angsten for dei heime melde seg for alvor. Som framslengsgutar flest, rekna eg meg som einaste mannfolk på garden, då både han far og han farfar var borte. Eg let den heimelaga skoleveska mi stå i bislaget hos han Sedenius og tok spranget frå hus til hus mellom rokksøyene. Hos han Peder Abelsa var det nifst. Der hadde stormen alt sprengt naustdørene og kom no hivande med store bordflak mot huset og slo inn alle vindauga. I eit løye tok eg hyven opp bakken og berga meg inn hos han Karl Knutsa. Det store tømmerhuset hans gav seg i stormkasta, så veggane stod spente som segl. Det låg godt til for veret der framme på bakken, og bordstubbar og tareleggar fauk om øyra på oss. Her ifrå sprang eg i le av stua hans Martin Abelsa, kurte over eit par rokksøyer der og tok så det endelege spranget heim. Det hagla av bordbetar og båtsbre, for også her hadde stormen alt gjort skade ved sjøen.

Endeleg var eg kommen så langt at eg smatt ned i holvegen mellom snøskavlen og fjøsveggen heime. Der heldt eg på å bli køyvd av fokk-kvervlane og kom meg til slutt inn i stua.

Heime såg det fælt ut. Den eine vindusluka var knust av bordflak frå sjøen og rutene blåst ut over alt. Men mor var roleg som vanleg og hadde dytta teppe og puter i dei verste hola. Så var det om å gjere å finne spiker og bordfjøler, så vi kunne få det så pass tett at stormen ikkje tok huset av muren. Mens vi heldt på med dette, kom det eit fælt stormkast og tok halve fjøstaket. «Kretturan!» ropte ho mor og la i veg til fjøsen, og eg etter. Kua og tre sauer fekk vi berga inn i løa, der det var god plass på denne tid av året, men to sauer låg under det nedbrotne taket, og dei greide vi ikkje å berge før seinkvelden, då stormen hadde lagt seg og naboane kom og hjelpte oss. Dyra våre fekk plass i andre fjøsar i grenda. Den våren hadde mor krettur i tre forskjellige fjøsar.

Stormen hadde reve to naust, eit par skjåar og knust fire-fem båtar, og det var mest ikkje eit heilt vindu i heile grenda. Men dei små tømmerstuene stod alle saman.

Stormen og sjørokket hadde vore så overhendig at snøen til slutt ikkje fauk. Han var metta av sjørokk og heilt kram. Bordbetar og sundslegne båtbord fann vi sommaren etter langt attover Flakstadmyran.»
(Hans O. Leikvik)

Den same storkulingen gjorde og skade på andre gardar i bygda. I Barbogen, der «utnoraen» er serleg sterk, reiv han ned fleire hus og f6r av stad med alle torvskjåene på garden. I Torsken tok stormen ei stor rorbu. I bua var det tjue mann, og alle kom frå det med livet. Berre ein mann fekk litt skade, og det var just han som i si tid hadde bygd bua.

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.
stormen.jpg
llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *