Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Eit møte mellom ordførarar…

Ivar Gurvin var ordførar i Sogndal i 1911. Det var den tida stor strid om veglina i Sogndalsdalen. Ordførar Gurvin heldt på ei line og G.F. Heiberg heldt på ei anna. Denne vegstriden gav Heiberg fleirtal i det nye kommunestyret. Heiberg vart vald til ordførar og Gurvin måtte gå av.

Kort tid etter valet møttest dei to, dei var ute og køyrde med hest og stolkjerre. Heiberg stogga hesten og sa:

– Her møtes to ordførere.
– Ja, svara den andre, det skile seg ordførar, og, og smeiste på hesten sin.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *