Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Eit mysterium i Tingvoll kyrkje

(Daniel  Heggem)

I min barndom var det vanleg å halde skyming  timen før vi tente parafinlampa, og da vart det fortalt historier og sume gonger skrøner, som vi ungane satt livredde å høyrde på. Det var oftast far eller tantene mine som var flinke til å fortelja.

Ein gong fortalde bestemor noko som verkeleg greip oss, og som eg ikkje fekk or minnet.

Det var ein prest på Tingvoll (klikk her for å lese om Tingvoll kirke) som skulle ha drepe drengen sin, hengt han og lagt han i ei kiste under kyrkjegolvet rett under alteret. Drengen skulle ha dreve utukt med prestefrua som ho uttrykte det. Dette skulle ha skjedd for mange hundre år sidan. Farmor mi som var fødd i 1855, må nok ha høyrd dette av bestefar som døde i 1916, og hadde vore predikant i nesten 30 år, og som kjente prestane på Tingvoll godt. Dette var ei så alvorleg historie at eg ikkje fekk fred før eg hadde funne ut sanninga.

Eg tok til på Tingvoll Statsrealskole hausten 1947, og etter ei tid fekk eg med meg 4-5 elevar som eg stolte på til prestegarden. Eg gikk inn på kjøkkenet og spurde om det var råd å få sjå inn i kyrkja, og det var heilt greitt, nøkkelen fekk eg og vi låste opp døra og gikk fram mot alteret, tok vekk golvteppet og fann ei luke i golvet. Vi hadde med oss lommelykt og lyste ned i den mørke kjellaren, det ver knapt ei mannshøgde ned til det svarte jordgolvet. Alle entra seg ned og der fann vi ei gamal morken kiste som vi åpna. Der låg beinrestane  av eit menneske og ein tauende. Vi vart nok prega av ”stundens alvor” som ein seier, la varsamt lokket på kista igjen, lyste omkring, men såg ikkje andre kister, berre svart jordgolv, heiste oss opp og la på luka og teppet og gikk stille ut.

Vi lova kvarandre at vi skulle ikkje seie eit ord om det vi hadde vore med på til nokon. Det har vi halde i 61 år.

Presten Sofus Wangberg var borte den dagen heldigvis. Vi hadde stor respekt for øvrigheita den gongen, og vi var sjølvsagt redde for at presten skulle fortelje rektor Tollan om at vi hadde brote kyrkjefreden.

Eg har fått greie på at ein buss med pensjonistar fra Romsdal hadde vore inne i kyrkja, og da hadde  ”universalgeniet” Ludwig Stornes pekt på eit bilete av ein prest og sagt at denne presten hadde drepe eit menneske. I det selskapet var det visst ingen som reagerte da.

Da eg etter studiane kom til Molde for å praktisere, møtte eg igjen ein av klassekameratane mine som hadde vore med, og han spurte kva grunnen var  til at vi skulle leita etter ei kiste i Tingvoll kyrkje.

Da vart vi samde om at eg no måtte fortelje dette før det var for seint.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *