Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Eit pengeskrin ved Saudafjorden

I ei stor urd paa austkanten av Saudafjorden skal det vera nedgreve eit pengeskrin. Det gjekk so til, fortel dei, at daa Sinklar var fallen i Gudbrandsdalen, var det nokre av mennerne hans som fekk ryma. Dei kom daa til Saudafjorden og hadde pengeskrinet med seg. Kva veg dei kom fraa Gudbrandsdalen fil Sauda, det veit eg ikkje; heller ikkje veit eg kvar det vart av deim sidan; men det segjer dei skal vera visst at dei gøymde pengeskrinet sitt der, og at dei aldri sidan hev vore etter det. Dei maa ha gøymt det sers godt; for ingen hev vore god til aa finna det. Det hev gjenge ei visa um dette som eg ein gong hev høyrt; men no kann eg ikkje meir en dei fyrste ordi:

Imillom Molla og Maldals aa,
i urdi graa,
det stend eit skrin o. s. b.

I den visa er det forklaara korleis skrinet stend: under vatnet mest alle tider. Det hev vel vore ei uvanleg flora den gongen daa dei sette det ned. Fælt djupt i urdi maa det vera greve; men ei viss tid paa dagen skin soli paa ein kant av skrinet som er skodd med sylv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.