Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Eit Risapar paa Topnes

Paa Topnes i Nedstrand er det ei stor heid, og der budde ein rise med kjerringi si ein gong i gamle dagar.

Ein gong hadde dei fenge eit barn. Daa kjerringi hadde aatt barnet, daa vilde mannen ho skulde leggja seg; men ho sa at det trong ho ikkje um, for ho var likso rask no som elles, sa ho. Risen kunde ikkje tru dette, han meinte ho fekk syna kva ho dugde til. No vilde han hiva ein stein, sa han, so skulde ho hiva ein etterpaa, so fekk dei sjaa.

Risen tok ei slyngja og ein stor stein og kasta yver fjorden til Herviksfjellet. So tok kjerringi slyngja og lagde i ein annan stein, og den hivde ho og yver fjorden burt paa det same fjellet; men steinen var ikkje fullt so stor, og ikkje naadde han fullt so langt upp heller. Daa det var gjort, sa kjerringi at no skulde ungen freista. So fann dei upp ein stein og lagde i slyngja, og ungen slengde han yver fjorden same vegen som foreldri hadde kasta; men steinen var mykje mindre og rokk ikkje fullt so langt upp som dei tvo andre.

«Det er mjukt fyla fong,» sa kjerringi.

Dei tri steinarne ligg etter kvarandre i Herviksfjellet den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *