Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Eit slikt lite fredlaust vesen vart kalla utbor…

Eit barn som vart fødd i dølsmål, og drepe, gjekk att. Det gret og ropa etter dåp; og det vilde koma i vigd jord. Det tagna ikkje minder det fekk dåp eller jordfesting. Den kunde ein gje det der det var; men det tryggaste var å føra liket til kyrkjegarden.

Eit slikt lite fredlaust vesen vart kalla utbor.

Ein høyrde utboren 7 år etter barnet var tilkome. Når dei døypte utbor, las dei Fadervåret rangvegen. Utboren vandrar, men kan ikkje gang over rennande vatn. Han er jamt verst mot foreldra sine; dei kan han Lyna um han slepp til. Dei brukte træ ei nål under føt’n på eit barn som vart drepe; då skulde det ikkje bli til utbor. Nåla kunde bli stukken gjenom lippone òg. Men den råda hjelpe no ikkje alltid (Fleire bygder).

Det var tilfellet med utboren ved Tverelvbrua på Ner-Drage. Der høyrde dei so jamt barnegråt ei tida. Det vart då leita, og so fann dei eit barnelik som låg trædd innpuinn ein stokkende. Og gjenom lippone var sett ei nål.

Liket vart ført på kyrkjegarden, og attpå det skal det ha vore stilt der (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *