Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Eit troll i Hauskevatnet

I Hauskevatnet paa Finnøy var det ein gong eit stort stygt troll. Det var so mann-vondt at Hauske-buarne mest ikkje torde koma aat vatnet. Ikkje fekk dei mala, og kvar gong nokon var med kverni, kom dette styggetinget imot honom med ein kjeft so vid og stor at ein laut tru ein vaksen mann kunde standa rett uppreist i gapet. Daa det leid paa, var det ingen som vaaga seg aat kvernabekken.

Daa kom det ein gong ein vill austmann til gards og fekk høryra um trollet. Han vilde endamaals i kast med det. Folk talde honom av, og sa at han kunde verta upp-eten etter enden. Men det øyra vilde han ikkje høryra paa, og so lengje bad han um aa faa mala at det paa resten var ein som torde vaaga ein sekk paa honom, og daa let dei han fara.

Han tok med seg ei gryta med tjøra. Den lagde han eld under daa han kom fram; for han vilde faa tjøra paa kok. So slo han kornet paa via og sleppte vatnet paa og gav seg til aa mala.

Eit lite bil gjekk alt vel; men lengje var det ikkje fyrr han høyrde eit fælt staak og styr uppe i vatnet, og snart høyrde han at trollet kom trampande, so marki skok. Mannen elda dugeleg under gryta, og best som det var, tok det til aa myrkna i kvernhuset. Snart saag han trollet utfyre kvernhusdøri, med ein fæl raud kjeft og med tenner so store som sleggjor. Kjeften gapte fraa marki og upp so høgt som kvernhus-døri var, og so høyrde han eit maal so hardt at heile kvernhuset skalv:

«Hev du set større glupa, du?» sa det. —
«Hev du kjent heitare supa, du?» svara mannen, og med same slo han heile tjøre-gryta beint i gapet aat trollet.

Daa sette det i eit skræmelegt yl, og tok paa sprang radt ut i Nykkjarvatnet, som skal vera botnalaust. Jau, den austmannen, det var gut som visste raad med trollet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.