Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Elias Sørhaugåm

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

Han Elias Sørhaugåm hadde sytti småkallar i sitt regiment. I gravtalen etter han Elias sa presten Koch at folk trudde meir på han Elias Sørhaugåm enn på Kristus sjøl.

Han Elias hadde namn på i alle fall to av dei småkallane som han hadde i regimentet sitt. Den eine kalla han «Leo», den andre «Kneskjel».

Når eit barn hadde frosken, tok han Elias ein daud frosk og kløna med han tri gonger inn på barnetunga.

Ein gamal mann som gjekk og slo, såg med eitt at han rende jåen gjenom eit tussebarn. Straks etter vart kallen so dødeleg sjuk. Då henta dei han Elias Sørhaugåm. Han kunde gjera åt for tussane, og han kurerte kallen.

Ei ku melka so dårleg, og kona som åtte kua, trudde det var dottera som hadde trolla på ho. So henta ho han Elias Sørhaugåm til å sjå på kua. Men dottera lura seg upp på høyhellen, og gjenom det opne hellholet kunde ho sjå korleis han Elias bar seg åt då han «undersøkte» kua. Fyrst las han noko på kua. So tok han ein kniv og skar lite grand i skindet midt uppe på rumpa, so det kom eit par bloddropar. Sa las han på kua atter, og gjekk so inn til kona. «Det står dårleg til med kua,» sa han. «Avunna når midt upp på rumpa på henne.»

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *