Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Ellingsbø brenn

Støtt ha det vore sagt at vatnet og varmin er tå di ting folk står
makteslause imot. Når desse slepp laus, er det som oftast ikkje stort å
gjera ved. Nå vart det to slike olykko såmå året.

Tidleg um våren kom det laus varme på Ellingsbø. Det va den fyrste tå
tri stygge brannolykko som skipla bygdabiledet i øvre Heidal, over ei
litor strekning, og på stutt tid. Såret vart aldri fullt ut bøtt
heller. Ellingsbø vart ikkje uppattbygt på gamletoftom, og vart dermed
borte utur gardrekkjun, som va sjelda fin.

Ellingsbø vart uppdelt i 5 bruk seinare, så forandringje va stor. Någå
seinare vart det gamle Steinfinnsbø au burte, ved at det vart delt i
tri bruk.

Det va på nattens tid varmen kom laus på Ellingsbø. Um årsaken ha det
vore gjete på at ein arbeidskar banka utur tobakkpipun sine mot ein
morkjé nov-ende på eine stuguveggje. I alle fall ha nugun sett at det
tok til å ruke der på morgåsidun. Det va på nørdre stugun.

Folket på gardé fekk nok med å berge seg sjølve. Det som vart berga tå
innbu, va jemngodt ved ingenting. Blant alt som gjekk med, va mykjy
verdifullt gåmålt sylv.

Fjoset brann ikkje, og det va fordi ein gåmål kar med seierhuve gjekk
umkring det. Denne seierhuva va ei fosterhinne, som sume blir født med.
Før i tid'n trudde folk fullt og fast at slike kunne beskytte mot
eldsvåe.

Det samlast fort i hop så mykjy folk at døm stod i rekkje frå nedved
elvé og uppåt husom. Døm senda vassbytto imillom seg, men det hjølpte
ikkje stort.

Det spordest fort heilt ned i nerdalen. Dette va akkurat i dei tidom
telefonen kom åt bygden. Um døm ha fått den på Slette, veit eg ikkje,
men han Pål Kvarberg, brukaren der den gongen, kom og dondra på døre
sjå tenestekarom sine på morgåsidun.

«Det brenn på Ellingsbø,» ropte han.

Karane va ikkje seine på å koma seg upp og sala på eit par hester. Ette
herre 10 minutt tråva døm utigjennom skotet på veig uppover dalen.

Da døm kom fram, såg huse ut som grinder. like før døm ramla ihop.

Mattias O. Haugen tente på Slette da og fortalde um dette sia.

Husé på Ellingsbø va uppbygde i såmå stil som Bjørnstad på Lalm, det
som nå står på Maihaugen. Ivar Kleiven nemner døm i bygdaboken «I Gamle
dågå,» som heilt særmerkte blant alle gilde hus i Heidal.

Det va heller ikkje nok med at alt det verdifulle innbuet som va på
garde frå før, gjekk med. Ola Ellingsbø, som da åtte Bjørnstad, hadde
nyleg frakta mykje saker frå der, og sett døm inn i eit stabbur. Alt
dette brann upp, samen med alt det andre.

Alt i hop va det verdågå som ikkje kan mælast i penger, og attåt dette
kjøm støkken og ohyggen som slike hendingo set i folk. Bygdesamfunnet
er sårbart sålest.

Ellingsbøfolket fløtte for ei tid burti Vålbu på Murudale etter brannen.

Gardrekkja i Heidal før Ellingsbø brann, va någå for seg sjølv, sett i
landsmålestokk au. Ho fortalde um mange grunnlcggjande ting. Ein tå døm
va at det må ha vore framifrå gild skog å hogge stort timmer i.
Deretter at det må ha vore flinke håndverkere tå alle slag, med
skikkeleg stilsans. Sia ha naturen sjøl lagt alt til rette. Husé på
alle gardom er som sjølvuksne på toftom, naturleg i lend. Dette ha i
mest alle tefelle sagt seg sjøl, fordi det ette heile øvre Heidal er ei
flate uppå hauger, på lag like høgt upp frå elven.

Før i tid'n va det torv på alle tak, og veggjin va bronsvidde tå sol,
og barka i vær og vind gjennom århondrene. Alt i alt fell døm så godt
inn i landskapet som det på nugun måte va råd.

Etter berre 20 år brann alle inhus på Heringstad, og fem år deretter
kjørkja. Dermed vart det eit hogg som aldri vart heilt uppattretta.

Fordi det va skysstasjon på Ellingsbø, gjorde brannen 6. mai 1908
inntrykk både vidt og breitt. Mange langreisandes folk ha nok vore
innum der gjennom åré. Slik sto det å lesa i ei Oslo-avise:


«Ellingsbø i Hedalen.» Under eit bilede tå garden sett frå nord står:
«Dette giver et godt indtryk af den gamle ærverdige gaard.»
«Dens mange småhus er typisk for den Gudbrandsdalske bygningsstil.
Gården var i det hele taget et af de smukkeste og mest maleriske
mindesmerker over den gamle bondekultur.
Den største bygning, som danner billedets midtpunkt, er den hvori
føderådsfolkene boede, med mange verdifulle sølvsaker som er strøket
med. Her mener man også at ilden opstod.»

I Lillehammer Tilskuer stod meir um brannen:


«Ildebrand i Hedalen. Ved halv tolv-tiden natt til onsdag utbrøt
ildebrand i føderådsbygningen på skydsstationen Ellingsbø i Hedalen, og
efter ganske kort tid var denne bygning så vel som 9 andre bygninger
tilhørende gården lagt i aske. Blandt de brendte bygningener var i alt
3 våningshuser hvoriblant hotellet og skydsstationen. Av det temmelig
store bygningskomplekset blev, efter iherdige anstrengerlser, kun
reddet fjøset og låvebygningen. Ingen mennesker kom til skade, og ingen
dyr brandt inde.

Hvordan ilden opstod, vet man ikke. Det begyndte at brænde i et
hjørneværelse i første etage i føderådsbygningen hvor ingen denne aften
hadde oppholdt sig, og ikke optændt ild, og ikke brukt lys eller lampe.

I samme etage i bygningen lå tjenestepigen, og i anden etage
føderådsfolkene, Kristen Storvik og hustru. Begge er for tiden noget
syklige af sig og var om aftenen før branden gått meget tidlig i seng.

Det var kun i aller sidste øyeblikk at de to gamle ble reddede. Alt
deres indbo, hvoriblant mange værdifulde sølvgjenstander og andet
værdifuldt husgeråd, blev luernes rov. Intet hos dem var assurert, og
det tab de gamle lider er derfor meget stort.

Såvidt vi har bragt i erfaring, var såvel husene som avling og indbo
forøvrigt assureret. Meget af de brændte bygningers indbod blev
forresten reddet ut. Ved hjelp af telefonen blev branden varslet
omkring på gårdene, og der strømmede i løbet af natten en masse
mennesker til, som deltog i såvel sluknings- som redningsarbejdet. Ved
disses hjælp lykkedes det at redde de to gjenstående uthuse og
besætningen.

Gården Ellingsbø, som sidste vinter blev solgt til trælasthandler Cæsar
Lavdåsen, var nylig overtaget af den nye eier. Lensmanden i Vågå var
igår afreist til Hedalen, for at gjøre undersøgelser angående ildens
opkomst.

Ellingsbø var vidstnok en af dalens eldste gårder, og denne
skydsstation var et sted hvor de reisende trivdes og gjerne vilde tage
ind, hyggeligt og gjestfridt som der altid har været.

Den tidligere eier Paul Ellingsbø solgte ejendommen til hr. Landåsen for kr. 35000- femogtredve tusen-.»

Ja, i våre dågå synest det lite for ein slik eiendom, men oss fær tenkje på at det var ein svimlande sum den gongen.

Oss ha høyrt burtimot kå mange hus det va på Ellingsbø. Kanskje kan det
vera artigt å sjå kå mange folk det kunne vera på ein slik gard, med
alt i hop. Ved folketellinga i 1865 budde desse der (Ekteparet som i
referatet er nemnt som føderådsfolk, va den gongen yngre og va komne åt
garde for ikkje så lenge sia):

«Kristen Paulsen, 34 år, husfader og selveier.
Marit Paulsdatter, 26 år, hans kone. Paul Kristensen, deres søn, 3 år.
Paul Olsen, 22 år, tjenestekarl.
Amund Olsen, 19 år, tjenestekarl.
Marit Hansdatter, 22 år, tjenestepige.
Marit Arnesdatter. 17 år, tjenestepige.
Marit Olsdatter, 24 år, tjenestepige.
Marit Amundsdatter, 17 år, tjenestepige.
Anders Jakobsen, 75 år, legdslem.
Ivar Torgersen, 62 år, føderådsmand.
Anne Knutsdatter, 70 år, hans kone.
Mari Andersdatter, 21 år, tjenestepige.»

Ja, det var store huslyder på gardom den gongen. Kristen Paulsen
Storvik Ellingsbø va frå Vågå. Marit Paulsdatter, kona hass, va frå
sygard Harildstad i Øvre Heidal. Mor hennar heitte Barbro Olsdotter og
va frå Slette i nere Heidal.

Marit og Kristen fekk i alt åtte onger. Det vart ein Paul til, eller
Pål, som det oftast bli sagt i dagleg tale. Eldste jenta var Barbro, og
sia vart det Kari, Anne, Ola, Mari og Hans, som var yngst. Elles veit
eg ikkje aldersfølgja.

Yngste Pål og Hans reiste åt Amerika. Ein tå døm dø etter togulykke.

Båe va ugifte. Likeeins vart det med Anne og Kari. Ola vart gift med
Ingrid frå nørdre Bjølstadløkken. Døm bygde seg hus på Hampesletten nær
kjørkja. Mari vart gift med Petter J. Sletten på uppistugu Faukstad, i
hass andre ekteskap.

Han eldste-Pål vart gift med Ragnhild Harlaug. Døm ha, som før er
nemnt, nyleg selt garden da varmen kom Laus på Ellingsbø. Døm budde ei
stund i Vålbu, før døm kjøpte garden Hårstad i Vang på Hedemarken.
Derefter ha døm Kremar-Sandbu i Vågå, men bytte så åt seg Åsgård i såmå
bygden. Døm ha slekt etter seg der.

Barbro vart gift med Amund C. Bilben frå nedre Heidal. Døm budde i Oslo
ei tid, men var sia buande i Vålbu på Murudalen. Dit va det au familien
Ellingsbø fløtte etter brannen.

Før han eldste-Pål fløtte utur bygden, skaut han ein bjønn på Murudale. Så vidt ein veit, den siste bjønn som fall i Heidal.

Han vart utstappa og stod uppå ei høgstugusval på Ellingsbø, ved
brannen vart han velta ut um eit glas, og rulla kant i kant ned gjennom
den bratte mælbakkjin utafor huse. Sia havna han på Viktoria hotell,
Lillehammer.

Støkken etter brannen hekk nok i for resten tå livet sjå alle i
familin. Kari Ellingsbø sa ein gong i sine eldre år at når ho kom te å
tenkje for mykje på alle di kjære ting som gjekk med, fekk ho frysningo
og vart som makteslaus.

Kå langt attende gardshistoria på Ellingsbø røkk, veit vel ingen. Eit
lite glimt ein veit, er at to skotter kom dit ette slaget i Kringom
1612. Døm ha berga seg over Laugen, fare rakt over fjellet, og trefte
te å koma ned åt Ellingsbø. Folket der tok imot døm og let døm få vera
der, sikkert i skjul for det fyrste.

Ein, eller kanskje båe to, va sylvsmeder, og slo seg sia ned i Oslo.
Som takk for at døm va snille, fekk Ellingsbøfolket fleire sylvarbeid.
Eit par fine brosjo finst enda i Heidal.

Før desse skottene for vidare, fekk døm avkom etter seg i bygden. Ein kan rekkje slektninger heilt fram i våre dågå.

Ei tid etter brannen vart Ellingsbø delt i 5 bruk. Nørdst er da
hugubølet, med hus på nye tofter. Så kjøm Leirom, Gamelgarden,
Bårdlykkja og Klukkhaugen synst ved skillet mot Steinfinnsbø.

Klukkhaugen fekk namnet sitt på ei n rar måte. Ei jente frå Heringstad,
vart «inntikji», som døm trudde, tå underjordiske. Så fekk døm tak i ei
tå klukkom i kjørkjun, og hengde upp der døm trudde jenta vart burte.
Denne flekken vart sia kalla Klukkhaugen, og gav dermed namn åt synste
bruket ette delingen.

Ein tå døm som er nemnt i folketellingen frå 1865, treffer oss att på
ein kuriøs samenheng seinare. Det er ho Mari Andersdatter, 21 år,
«tjenestepige» sjå føderådsfolkom. Ho va frå søre ner-Bilben, men kom
te å vekse upp på Ellingsbø, fordi ho va nærskyld folket der. Sia vart
ho kjerring på heimgarden sin i nere Heidal. Ho vart gåmål og rakk
uppleva at ei ny tid braut inn for ålvår.

Det fall seg slik, at Cæsar Landåsen på Ellingsbø vart den fyrste som
kjørde med bil uppover Heidal. Det spordest sjølvsagt firiåt, og folk
møtte mannjamt upp for å sjå på.
Ho gamle Mari Bilben kom seg au utåt veigjé. Da vidunderet vel va forbifare, snudde ho seg tvert, og sa som så:

–    «Å ja, 'n kjøm nå ikkje åt himmilrikje med dessa hell!»

Det vart altså bilkjøring gjennom Heidal likevel, men det va ikkje meiningje frå fyrst av:

«I møte 27. juni 1908. Uttalelse utbedes om bruk av motorvogn på veiene innen Heidal. Enstemmig beslutning:

På grunn av smale veier og bratte styrtninger utenfor dem, må
herredstyret på det bestemteste fraråde bruk av motorvogn innenfor
herredet.»

Kanskje er ikkje dette vedtaket formelt uppheva enda!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *