Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund
Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

En Amerikareise i 1909…

Fyrste kontakt med emigrasjonen oss heime fekk, va da Oskar Hansen Øyen Espe, som ha vukse upp sjå bestemor og bestefar, kom att frå Canada da eg va 4-5 år. Etter kårt fekk eg da greie på at han far au ha vore i Amerika. Som attenåring reiste han åt Minnesota, U. S. A., men kom heim att etté vel så 3 år.

Ein eldre bror hass far, Ola Stenersen Øyen, gift med Marit Hansdotter Ekre (nørdre), va reist fleire år før. Døm budde i Polk County, Minnesota, og ha fått seg farm der. Dit åt døm reiste han far for det fyrste, og va sia blant anna på anleggsarbeid randt umkring.

Før han reiste, snikra han og bestefar, Steiner Øyen, i hop ei enkel trekiste med beslag. Ho er til enda. Attåt forbokstavom hass, J. S. Ø., er adressa påmåla: «Jakob S. Øyen, Canadian Pasific Linien, Mc. Intosh, Minn.» Han reiste med den i si tid så kjente dampbåten Mauretania.

Det vart slik at Ola og Marit laut reise heimatt. Det var så dårleg tid i Amerika da, så han tenkte vel det kunne gå an å greie seg likså bra i gamlelandet.

Båten far og følgje hass reiste med, gjekk om Göteborg i Sverige. Det fall seg slik at døm måtte feire julhelgjé på båten, men rokk akkurat heim att te nyttårskvelden. Det va i 1912.

Som småe fekk oss iblant lov te å sjå på kort og fotografi som far ha med seg frå Amerika. Oss såg med nokså store augo på uppte seks øykjer for ei kjempestor horv, eller Ola farbror på sjølbindar med 4 ukser forspent.

På veggjé hekk i alle år eit bilede tå familin på farmen i Polk County. Det va ti framfor stuguhuset, eit lite einetasjes i reisverk, med toetasjes nytt tilbygg. De fire eldste ongene va født burti der. Det va Hans, som va eldst, Selma, Edvin og Sidney, som er berre liten, og sit på fanget åt far sine. Far er med, han står og held Edvin ved hånde.

bilde_side_22.jpg
Frå farmen i Polk County, Minnesota. Ola S. øyen, seinare Ekre, kona Marit født Ekre, med barna Selma, Hans, Edvin og Sidney. Den siste på fanget åt far sin. Jakop S. Øyen, seinare Espelund, står med Edvin ved handa. Billedet er frå 1911 eller 12.

Elles va det bilede tå truskarlag, der han far står ved ilegget på eit kjempestort verk med lokomobil, uppfyra med halm. Eit følgje er ute og kjører med stasvogn og to hester med flort selaty framafor.

bilde_side_23.jpg

Dette billedet senda far heim åt arbeidsgjevaren sin før han drog åt Vester­heimen, med påskrift: «Til Paul Kvarberg Slette. Her ska du få se hvorledes man tre.sker i Amerika. Beste hilsen fra Jakop Øyen.» Far står ved ilegget på verket. Drivkraft er lokomobil. Billedet er frå millom 1909 og 12.

bilde_side_25a.jpg
Ola S. Øyen på sjølbindaren, med gamledags trekkraft, i Minnesota. Ola og kona Marit reiste åt Amerika 1904.

bilde_side_25b.jpg
«På kjøretøyet skal storfolk kjennes.» Ukjent familie frå Minnesota på stastur, før Amerika vart billandet nr. 1.

bilde_side_26a.jpg

Lokomobil og hest i følgje, før motorkrafta heilt tok over i Amerika. Billedet er frå umkring 1910.

bilde_side_26b.jpg
Så seint som 1930 var hesten enda ikkje utsli som trekkraft i Amerika. Oskar Hansen Øyen Espe, med seks tiester framfor eit slags våronnredskap, i staten Saskatchevan, Canada. Han kom heim att 1931 og vart buande i Kvam.

På eitt er ei stor forsamling ute, sikkert frå eitt eller anna stevne.

Det som likevel va toppen tå alt som ha med amerikareisun hass far å gjera, va «titteskåpet» han ha med seg heim, med stereoskopiske fargekort.

Det va ikkje mindre hell stor høgtid når oss fekk tå fram dette og sjå på det etter tur. Kortet va dubbelt, med to felt, det eine fotografert med litegrann forskyving frå det andre. Dermed vart det som å sjå inni eit landskap, eller kå det nå va, levande og virkeleg.

Oss vart som heilt lokalkjende i Nord-Amerika, der di fleste bilede va frå, men det va frå andre fjerne land og rike au.

Dette va for oss eit friskt pust frå den store verd’n, og reint som eit eventyr. Kanskje aller mest fordi ingen andre ha det, som oss visste.

For å sjå desse korte best, måtte det vera godt ljos direkte på, enten sol eller ei lampe. Far anretta titteskåpet i ei litor kasse med eit talgljos inni. Dette va nok gjort for ei særskilt anledning. Han ha det med seg på ei tilstelning te inntekt for ein famili i bygden, og det va 5 øre for å få sjå på så og så mange kort. Dette va liksom ein sensasjon, før det fanst korkje radio, TV eller film.

Etterhand fekk oss sjå eit brev som han bestefar Øyen ha skrivi åt son sine, året etter han va reist. Det er ein undertone tå vemod å merkje i brevet. Han skreiv blant anna um sæterreisa, som snart skal foregå.

«Men nu er ikke Jakob med,» står det. Vidare skriv han: «Det jeg vet af nytt, er at Jon Slette er forlovet med Gudrun Bø fra Vestre Gausdal, og at gamle Hans Horgebakken er død.»

Dette va i året 1910. Åt folket på Slette senda han far brev med bilede tå truskarlaget. Bakpå det står: «Til Paul Kvarberg Slette. Her skal du få se hvorledes man tresker i Amerika.»

Samen med mange andre arbeidsfolk ha far skore inn forbokstavene sine i den gamle stallen frå Slette, som nå står på Maihaugen. Her i bygden va det for den tid store forhold på ein gard som Slette, men det vart lite mot storfarmene i Minnesota. Um han far ha vorte i Amerika eit par år te, vilde han mesta sikkert vorte utskrivi som soldat, da verdenskrigen 1914-18 braut ut. Mange norsk-amerikanere vart med åt Europa, og mange tå døm fekk aldri sjå gamlelandet meir.

Far tok namnet frå Espelund, etter han vart gift med Marit, som var einsleg dotter der. Døm vart da foreldre mine og seks andre syskjen. Far dø alt i 1934, berre 43 år gåmål.

Som ein kuriositet kan nemnast at son hans Sidney Ekre for nogre år sia reiste åt Minnesota ein tur, og greidde å finne att farmen etté besteforeldrom sine. Den hadde fått namnet Øyen i papir som fanst i arkiv.

Endatil huset døm budde i stod der, men det va fløtt heilt og brukt som uthus. Farmen ha au vorte nogo større.

Han såg i eitt eller anna papir at Marit og Ola ha fått ein son til burti der. Han var døypt Karl, men var død som berre liten.

Ein kan nå seia det slik at folk leitar etter røter på båe sidor tå Atlanteren.
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *