Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Enkjesonen

(Saltdal)

Det var ein gong ei enkje som var buande på ein avsides gard, langt frå folk. Ho hadde ein son, og då han var såpass på alde¬ren han kunne gjera rett for seg, ville mora ha han ut å tena; men sidan glunten ikkje hadde vore borte før, syntest ho det var for mykje våga å sleppa han i veg på eiga hand, for det var ikkje godt å vita kva ein slik heimføding kunne ta seg til, tenkte ho. Så skipa ho seg i stand og fylgde med, for ho ville sjå han hos bra folk innan ho slepte handa av han.

Då dei hadde gått eit bra stykke veg, møtte dei ein mann. «Eg mund vita kva ærend de er ute i,» sa han.

«Vi er og høyrer oss om etter teneste åt denne glunten,» svara mora.

«Då er det rettast han tek seg fast hos meg,» sa mannen, «for eg er just i beit for ein tenar».

Kjerringa syntest det peka bra i veg, dette; men innan ho gjorde av om tenesta, sa ho: «Eg kunne ha mot å vita kva du har til arbeid åt glunten.»

«Det er snart fortalt,» sa mannen. «Eg er åleine om eit stort hus; men no må eg medkvait vera borte, og kvar gong eg forlet heime, skal tenaren ha tilsyn med huset. Og noko anna arbeid skal han ikkje bli sett til av meg,» sa han.

Kjerringa stedde sonen i teneste med ein gong, tok så på heimvegen.

Det gjekk no ei lang tid; glunten hadde det godt på alle vis. Men så ein dag kom mannen og gav frå seg nøklane til huset og sa han måtte bort ein tur. «Men høyr no her, glunt,» sa man-nen: «alt med eg er borte, kan du få sjå deg om i huset i alle rom, så nær som i eitt av dei, men ditett må du ikkje koma.”Og så viste han glunten døra til dette romet.

Då mannen var faren, og glunten kom på si eiga hand, tok han til å streifa om i huset, det var mange rom der, men til slutt hadde han vore inne alle stader han hadde lov å koma. Som han no gjekk der og dreiv, fekk han så mot å glytta inn i det romet han skulle halda seg borte frå; og før han rett visste av det, hadde han fått nøkkelen i døra og låste opp. Innpå golvet var det standande ein stor kjel, men glunten såg ingen varme under. «Kor høver det til med denne kjelen ?» sa han åt seg sjølv, og sette av inn. Han heldt handa over; men sidan det ikkje kjendest varmt, så fann han på han ville prøva med ein finger nedi, men då han tok handa åt seg att, var det gullfarge over heile fingeren. Han prøvde bru av seg på kleda, men det lykkast ikkje. Ja, no har du stelt deg godt, tenkte han. Så for han etter vatn, ville vaska av fingeren; glunten skrubba og grov både vel og lenge, men gyllinga kreppa han ikkje. Då skjøna han han hadde gjort gale, og tok til å sjå seg forbalt. Men så fann glunten på ein utveg, han batt ei lørve om fingeren.

Mannen kom heim og vart vis kor tenaren gjekk. «Har du skadd deg annast du går med ombunden finger?» spurde han. Sidan glunten no ikkje gav noko svar, så ville mannen sjå, han var og reiv lørva av fingeren, og då han fekk sjå gyllinga, vart han så harm han dengde glunten, og så måtte han lova han skulle vera meir tru av seg ein annan gong.

Husbonden vart no verande heime ei tid; men så ein dag gav han nøklane frå seg og sa han laut bort att ein tur. «Og høyr no her, glunt,» sa mannen; «med eg er borte, kan du gang om-kring i huset der du lystar, nærså åt eitt av roma, men ditett må du ikkje set’ din fot». Og så viste han døra til dette romet. Ja, glunten lova han skulle retta seg etter det som var sagt, han mintest kor det gjekk sist.

Så forlet mannen heime, og han som var til tenar, gav seg til å sjå rundt i huset, frå det eine romet til det andre, og til slutt var det herre ei dør att han ikkje hadde havt oppe, og det var døra til det romet han skulle halda seg unna, og det var han meint på, for han ville ikkje ha same leiken opp att. Men alt med han gjekk slik og dreiv, tok han til å få mot på denne døra, likevel, og då det lei om eit tak, vann ikkje glunten dy seg; han ville låsa opp så han kunne få ein ure liten glytt inn. På veggen mot døra var det hangande ei hylle, og der vart han vis ein stein, ein riskvist og ei flaske. Glunten syntest no han kunne sjå inn sidan han alt hadde gjort så mykje, og så handfor han ting for ting av det som låg i hylla. I flaska var det vatn, såg han. Men då glunten hadde låst etter seg, var han ikkje kar om å få nøkkelen or låset. Han vart der standande både vel og lenge; men alt det han lirka og mola, så var ikkje nøkkelen å formå, og til slutt laut glunten gje tapt.

Då husbonden kom heim og fekk sjå nøkkelen som var standande i døra, så spurde han ikkje etter meir, men gav glunten sålikt juling han skulle minnest det.

No var mannen heime ei tid; men så ein dag var han komen på han skulle bort. «Men eg kjem ikkje til å bli lenge borte denne gongen,» sa han. Og då han gav glunten nøklane til huset, fekk han ei skikkeleg påminning om å retta seg etter det som var sagt. Glunten kunne få sjå seg om der han lysta, nærså åt eitt av roma, der fekk han halda seg unna, sa mannen. «Men dristar du deg no ditett, så drep eg deg når eg kjem heim,» sa han. Glunten skjøna det spela om livet om han no ikkje var lydig, og derfor lova han å vera tru.

Ja, så vart glunten gangande åleine i det store huset, og då han hadde fare rundt, så visste han ikkje kva han skulle ta seg til. Døra til det romet der han ikkje fekk koma, ville han ikkje reppa denne gongen. Men kvartetter vart det jussom ho drog, ho låg han i tanken kvar han gjekk og stod, og før han ansa seg, var han komen åt døra; då kom han på han måtte glytta inn som aller snarast. Midt på golvet var det standande ein hest, attom han var det ei krubbe med mat i, men framfor hovudet, hadde han liggjande ein glodunge. Glunten vart så forundra han ropa over seg. «Du må då ikkje stand på dette viset! Skjønar du ikkje du snur rangvegen!» Han inn og tok i hesten, men fyrst han hadde fått han snudd, sa hesten: «No har du frelst meg, og så skal eg frelsa deg. Legg salen på meg og lei meg ut!» Glunten gjorde som han var bedd, og då dei var utkring stuveggen, sa hesten: «No går du fyrst åt det romet der kjelen er standande, i den skal du lauga deg; så går du åt det andre romet og tek steinen, riskvisten og flaska. Men snar må du vera, så vi kan koma oss her i frå.»

Då glunten kom ut att, bad hesten han setja seg i salen, så la han i springinga.

Dei for no så langt. Men med eitt stussa han på, hesten. «Høyrer du noko som durar attom oss?» spurde han. Glunten gav seg til å lya. «Ja, eg synest høyra som ein ôm langt atti vegen, men heilt viss er eg ikkje.» Hesten lå i veg att, smått sprang han og smått stussa han på, og for kvar gong bad han glunten lya etter. Då dei hadde fare på dette viset eit tak, sa glunten: «No høyrer eg det dundrar atti vegen, det kjem alt nærare,» sa han. Så fortalde hesten kor dette høvde til. «Det er ein trollmann han du har vore i teneste åt, og no har han samla stort mannskap og held etter oss. Men finn no fram riskvisten din, glunt, og kast den attom oss.» Glunten gjorde det, og fyrst kvisten nådde marka, grodde idet opp ein stor skog, så tjukk og svær det var ikkje komande gjennom for nokon. Alt med trollmannen og fylgjet hans arbeidde med lå ry seg veg gjennom skogen, fekk dei eit bra forsprang, hesten og glunten.

Då det lei om ei tid, stogga hesten. «Høyrer du noko som durar attom oss?» spurde han: Glunten snudde seg og lydde. «Ja, eg trur motes det er eitslag som kjem atti vegen, men heilt viss er eg no ikkje.» Hesten på sprangatt, smått stussa han på, og alt medan bad han glunten lya etter. Men då dei hadde fare slik eit tak, sa han: «No har vi noko etter oss, det kjem nærare og nærare.» Hesten sa det var trollmannen og dei han hadde med seg som heldt etter. «Men leit no fram steinen, glunt, og driv den attom deg så langt du kan.» Fyrst steinen slo i marka, vart han til eit fjell så høgt og bratt det var ikkje til å koma over. No laut trollmannen og fylgjet hans slå krok på vegen og ta rundt fjellet, og alt med dei gjorde omkroken, vann hesten og glunten eit bra stykke fram.

Men då dei hadde fare ei tid, stussa han på, hesten, og så spurde han glunten om han høyrde noko som dundra attom dei.

Ja, glunten svara som han før hadde gjort, han sa det var motes som nokon heldt etter dei, men heilt viss var han ikkje, sa han. Hesten i veg att, smått sprang og smått stussa på, og bad glunten lya etter, og kvartetter dei skrei fram på dette viset, tok han til å høyra slik dundring atti vegen. Hesten sa det var trollmannen og fylgjet som hala innpå. «Tak no fram flaska og sleng den så langt du vinn attom deg,» sa han; «men sjå til så det ikkje kjem noko av vatnet på lenda mi.» Men med det same glunten skulle gjera flastka i veg, kom han bort i korken, så det fall ein drope over lenda på hesten; og før han visste av det, hadde dei fått vatn kringom seg på alle kantar, dei var stangande på ei lita øy. Lei om eit tak kom trollmannen og dei andre drivande, og fyrst dei fekk sjå hesten og glunten, tok dei på vatnet; men dei vann seg ikkje åt øya, dei gjekk klar i vatnet. Då det ikkje vistest meir etter dei, la hesten på søm mot land, og fyrst han hadde fått fast grunn under sa han: «Ja, no lyt du greia deg åleine til så lenge. Bortom denne skoglunden er det ein kongsgard, ditett skal du no gang og by deg fram til tenar. Men innan vi skilst, må du tøysa av meg sal og beisel og hengja i eit tre her i lunden; og skulle det nokon gong henda at du treng om mi hjelp, så er det berre du går åt treet og ringlar med beislet, då skal eg koma. Endå ein ting må eg tala om,» sa hesten. «Eit stykke unna står det eit lindetre; når du kjem åt det, skal du stryka av lauv og binda deg ein krans, og den må du bera på hovudet når du kjem åt kongsgarden og bed om teneste.»

Glunten løyste ridestellet av hesten og slepte han der i lunden; så leita han opp linda, strauk lauv og måla til han fekk krans av det. Men då han sette kransen på seg, vart han så omskapt i andletet han var ikkje attkjennande, det var rukkåt som eit gammalmannsandlet og dertil fullt av kvesser og sår. Glunten var ikkje mykje mota på å te seg fram for folk slik han no såg ut, men han ville retta seg etter det hesten hadde sagt, og så leita han seg fram til kongsgarden og bar fram ærendet sitt. Men der viste dei han frå seg. Just då han skulle ut døra, kom kongen drivande, og no ville han ha greie på kor det høvde til med glunten som stod der. Ja, då han fekk høyra det var ein som talde på etter arbeid, så syntes ikkje kongen han hadde sinn til å visa han frå seg, for han syntest glunten måtte ha motgang nok, ein stakkar som han stod der. «Du får gje deg av her og hjelpa kokkglunten min,» sa kongen. Men då det vart kvelden, og tenarane skulle i seng, var det ingen som ville ha glunten i lag med seg; men då dei hadde bitest om dette eit tak, sa han: «Eg finn vel alltid ein staden å liggja.» Så gjekk han i vedsvala og la seg i tveitdungen.

Så var det ein dag glunten plagdest med noko inn på kjøkenet, varmt var det, så han var både sveitt og mødd, gjekk så han ut på tunet, ville svala seg. Der kom han i vanvare til å kle av seg lauvkransen. No hadde prinsessa fått sjå han, og ho syntest så vel om den nye tenaren ho rende i veg åt kjøkenet og ville spørja ut dei andre tenarane; men dei let no berre ille om han, og sa han var både skurvåt og rukkåt. Men då prinsessa fekk høyra han hadde sengstaden sin i vedsvala, gjorde ho det så han fekk eit rom inne på slottet.

Då glunten hadde vore ei tid på kongsgarden, fekk kongen tidend om ein framand krigsher som ville ta på landet hans. Han samla no alle sine våpenføre menn for å dra mot fienden. Alt med dette stod av, kom glunten og baud seg til; men kongen talde av med det, og sa han trudde ikkje glunten kunne gjera rett for seg på slagmarka. Då dei andre høyrde det, gjorde dei narr av han, men han tigga og bad, til kongen gav etter. Så skikka han ein tenar åt stallen etter ei gammal, kvit hoppe; den kunne vera god nok ridehest åt glunten, meinte kongen. Dermed bar det i veg. Då dei hadde ride eit stykke, kom dei åt ei stor myr; der rei glunten hoppa ned. Han slo på og ropa: «Hei, vil du opp! Hei, vil du opp!» Men alt det hoppå streva og sleit, vann ho seg ikkje or myra, og då dei andre i kongsheren fekk sjå det, sa dei: «Du var ikkje trøngjen om å ri deg i myra, din tull, og no kan du berre sitja der skjella og slå.» Så strauk dei i frå han. Men fyrst dei var or syne, sprang glunten åt lunden og ringla med beislet, og med eitt stod han der hesten som hadde frelst han frå trollmannen. Då glunten hadde fått salen på, sa hesten: «Kle no av deg kransen!» Og så skaptest han om til ein svær riddar. Hesten la i veg som ein vind; men innan dei nådde att kongsheren, var slaget i full gang. Så rei glunten fram, og han søkte så hardt på at det gjekk ikkje lang økta før fienden laut gje tapt og ta til rømings. Då slaget var avgjort, sette hesten i langtan tilbake til lunden. Glunten sala av og hengde beisel og sal i same treet; så kledde han kransen på seg og rende til myra, og der sat han på kvithoppa dentid kongsheren kom. Dei var no så overmotige av sigeren så det var ikkje måte på. «Vi har hundjaga ein stor krigsher or landet alt med du har sete her og bøvra i myra.» Men glunten gjorde som han korkje høyrde eller såg, sat berre og mota på hoppa. «Hei, vil du opp! Hei, vil du opp!» Men fyrst han hadde kongsheren or syne, hjelpte han hoppa or myra, rei så etter til kongsgarden.

Då det lei om ei tid, fekk kongen ufredstidend å nyo; det var same kongen dei sist hadde vore i kast med, og denne gongen hadde han samla ei hermakt så stor det var reint eit ofsen. Ja, kongen gjorde seg i stand å ta i mot, han skikka bod over alt sitt land. Men just då dei var i ferd med å ta or kongsgarden, stelte glunten seg fram og bad om å få vera med. Men kon-gen talde av og sa åt glunten at han skulle berre gje seg av heime, for han dugde ikkje på slagmarka. Dei andre spotta og lo; men glunten var innstreven på sitt, han tigga og bad, til dess kongen gav etter. Så skikka han ein av tenarane åt stallen etter ei gammal, kvit hoppe som glunten skulle ha å ri på. Då dei hadde reist eit stykke, kom dei åt ei myr; der rei glunten seg ned. Den gamle hoppa baska og sleit, skulle koma seg opp, og glunten han mota på. «Hei, vil du opp! Hei, vil du opp!» ropa han. Men hoppa vann seg ingen veg, og då dei andre såg det, sa dei åt glunten at han var ein kommelhest sidan han ikkje var kar om å halda seg unna myra, og no kunne han berre ha det så bra, sa dei. Alt med dei stod der og spita, var det ein i kongsheren som skaut ei pil mot glunten, slik på spetakkel. Ho råka han i foten. Kongen vart vis det, og skrata opp den karen som skaut, så gjekk han av hesten og batt eit lommetørkle om såret. Dermed rei dei i veg for å møta fienden. Glunten heldt seg i maken til dei siste i heren var komne or syne, så rende han åt lunden og ringla med beislet, og med eitt stod hesten der. Glunten sala på, og så vart han bedd om å kle av seg kransen. Dermed sette dei av åt slagmarka; dei nådde fram just då slaget skulle ta til. Kongen vart vis den ferme riddaren som kom med slik fart, og så fekk han sjå han hadde eit lommetørkle kring eine foten, då skjøna han kven det var. Glunten sette rett på den framande kongen og feilte han, med det tverrslutta slaget. Så storma hesten tilbake åt lunden. Fyrst glunten hadde sala av og hengt frå seg i treet, rende han av åt myra og sette seg på kvithoppa. Med det same kom kongeheren, og no var karane så kjepphøge dei ropa over seg då dei såg glunten sat der i same verde. Dei hadde feilt ein konge og hundjaga or landet heren hans, sa dei. Men glunten gjorde som han ikkje høyrde, sat berre og masa på hoppa, og slik var han sitjande til heren var unna, men då hjelpte han hoppa opp og heldt etter.

Då han kom åt kongsgarden, vart han kalla inn; for kongen visste kven han hadde å takka for sigeren, og no spurde han glunten om ikkje han og hadde vore med i slaget. Men han ville ikkje vedkjenna seg noko før kongen sa han kjende att lommetørkledet sitt. Glunten skjøna han var saka; han tok av seg kransen og fortalde om alt frå fyrst til sist.

«No vil eg løna deg sidan du har berga landet mitt,» sa kongen.

Glunten let så han ville ikkje ta mot betaling. Då sette kongen hardt på. «Eg slepper deg ikkje før. No kan du sjølv setja på; det du bed om, skal du få.»

«Ja, ja,» sa glunten, «sidan du let meg velja, så bed’eg om å få dotter di.»

Kongen venta seg ikkje slikt, kan du vita; men det han hadde lova, ville han stand ved.

Eit par dagar før bryllaupet var glunten gangande til lunden; han ville kalla på hesten og få han med åt kongsstallen så han kunne ha han å ri på til kyrkja på sin heidersdag.

Men bryllaupsmorgonen dentid glunten kom i stallen og skulle sala på, sa hesten: «No har eg vore tru mot deg og hjelpt deg kvar gong du kalla på meg, så no er det mi tid å be om hjelp. Gang etter ei øks og hogg hovudet av meg!»

Men glunten sa tvert nei, kan du skjøna. «Det har eg ikkje sinn til å gjera, så god du har vore mot meg,» sa han.

«Ja, ja,» sa hesten, «vil du ikkje gjera det eg bed deg, så bit eg hovudet av deg».

Då tordest ikkje glunten anna, men gjekk etter øksa. Just i det same hovudet trilla av hesten, vart han omskapt til ein ung prins. Og så fortalde han kor det høvde til. «Eg er fødd og boren her på kongsgarden; men trollmannen førde meg bort og skapte meg om til ein hest. Men no har du hjelpt meg så eg kunne bli til menneske att.»
Då det spurdest inne på slottet om prinsen som var komen til svars att, vart det glede og fagning større enn stor. Og midt i denne styren tok dei til med bryllaupet.

Men kor det meir gjekk, det veit ikkje eg, for eg var ikkje med lenger.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *