Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Er du leid ved dyri, kan dei hemve seg

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


«Du må vera snill me alt liv! De kunna råke te hemne se!» sa dei gamle. Du skal soleis drepa eit dyr vel. Skader du det so det bløder, kan du bli ille ute.

Det levde ein mann her i Røn dei kalla Sørengen. Ein surnar var han tenestgut på Hovrud. So var han ein dag på vedhogst. Då hadde han hogge ned fleire tre med fuglereir i, soleis ogso eit skjorereir. Men dette skulde han nok ikkje ha gjort. Han kom ille ut i det. Skjorene var etter han jamt og samt når han var ute. Til slutt sette ei skjor seg på nasen hans og hogg eit hol i eine kjaken. Dette grodde ikkje att, og han laut gå med det til sin dødsdag. Stakkars Sørengen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.