Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Erik Erikson

 

Erik Erikson skulde vera frå Nes i Hallingdal frå fyst av. Han kom til Eggedal og tok tenest. Han tente på Kopseng ei tid. Det er fortalt at ein gong vilde Kopseng-bonden banke han opp. Erikson tok da han Torstein Kopseng og la han på bordet med dei orda:

«Du er ein for bra mann til å ligge på gølvet, e’ legg dei på bordet.»

Ein annan gong var Kopsengbonden ute og kjørte full. Han ropa tor veig da han møtte Erikson. Men Erikson gikk fram i veigen, han tok både hesten, sledan og mannen og sette bort i veigkanten.

Erikson vart gift med ho Live Torsteinsdotter, og busette sei i Bergerønningen og Svartebråtå. Det er plassar til Asand. Han vart kjent for styrken sin.

Ein gong gikk ei kvige utover i Sølandsjuvet. Erikson drog etter nedi. Snart etter kom han oppatt med kviga i fanga.

Det låg ei stor steinhelle over ein bekk i Bergerønningen. Den skulde han ha løfta ein gong. Det var ingen andre som kunde det.

Men så var han stor au. Da han var død, tok to av guttane hans og deilte lærreima han gikk med om livet. Ho var så lang at det vart bare ein liten stubb døm måtte skøyte i. Døm var vanlege store karar begge to.

Erikson var da husmann under Åsand. I slåtten et år vart husbonden i Asand vill på Erikson for han kom for seint ein måra. «Du får måle opp ei mæling til mei, så får je slå tå det je røkk,» sa Erikson. Ei mæling var tre mål med hakkeslått, det vart rekna for dagsarbeid til ein kar Karane drog stad å slå. Erikson fekk ei mæling for sei sjøl.

Da dei andre karane kom fram til dugurds, låg Erikson alt på stuguhella. Han var alt ferdig med mælinga si. Etter dugurden bad han om å få ei ny mæling. Det fekk han. Den slo han ferdig til middags. Da vilde han få den trea mælinga og, han fekk hakke tå det han røkk, sa han. Om kvelden var den og ferdig.

«Nå er je heime i to dagar!» sa han. Og det hadde han rett til.

Ein gong, da alle sønine hans var vaksne, vilde to tå døm dragast med far sin, han var gammal nå. Det fekk døm løv til, men han sa det:

«Skulde je ta for hardt, så må di skrike. Je vil nå ikkje øylegge dikkan hell.» Det var ikkje lenge før døm måtte beda’n om å sleppe tak.

Erikson var så toleg og snild. Det skulde ikkje finnast vondt i’n, sa dei gamle, når døm snakka om’n.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *