Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Erik Kvennrud

 

Erik Kvennrud budde i Kvennrud i Eggedal. Han var tals¬mann i likferdir, og så var han kjøkemester. Mest kjent er han for det han hadde svarteboka og kunde bruke ho godt. Han var så uvørin til å sei’.

Ein gong var han kjøkemester i ei likferd på Kopseng. Der var det mange storkarar, det var Vassendrud’n frå Krødsherad, og mange fleire, store og grovsli’ine var døm. Da bad han Erik til bords på denna måten:

«Ja, nå får di te’ bords ettersom di e’ rike og stygge te’!»

I ei likferd i Eggedal ein lørdag, stod han Erik og høldt liktale over ei gammal kjæring. Han var svær til å legge ut når han kom i draget. Det var helst når han hadde litt i hugu. Så visste døm ikkje tå før presten Moe stod i døra. Han hadde kømmi over frå Krødsherad. Han skulde lesa med ungdommen om lørdagseftan og ha messe i kjørka om søndagen. Døm sette fram ein stol til presten, og han sette sei. Da vilde han Erik slutte. Men presten sa det:

«Bare driv på du, undse dig ikke for mei.»

Da la han Erik til att enda meir. Men da han var ferdig, sa presten det, at så god preke hadde han ikkje hørt tå ein menig mann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *