Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Ersgardsfruga

Ei kvinne som kunne meir enn sitt Fadervår, var fruga til ein ritmester Breumic. Til vanleg var han kalla rekmester Brømik. Han budde på Ersgard, og så vart kona kalla Ersgardsfruga.

Ho visste rå for mange sjukdomar. Serleg hugsar eg at ho gjorde åt for valken, eller som dei nå mest kallar den engelske sjuke. Det var mange som gjekk til Ersgard og fekk rå' av henne. Og millom desse var foreldra mine au. Mor fortalde at med' eg var liten, eg hadde så vidt teki til å gå, så meinte dei at eg hadde fått valken. Eg var stiv og streita i nakken og stirde attover, sa ho. Kva det var om å gjera med meg meir, har eg ikkje høyrt, men noko var det som ikkje var rett, og så gjekk far til Ersgardsfruga og fekk rå'. Han fekk med seg ein liten påså av ty, og der hadde ho lagt noko nedi. Kva det var, har eg ikkje fått greie på. Og så skulle far ta knuppar av ei hengebjørk, og dessa skulle dei koke ein log på, og så vaske meg i logen. Dessa knuppan' fann han på ei stor hengebjørk i Sorgendalsdalen. Han hadde merkt seg den bjørka når han låg ved Sorgendalskverna og mol.

Denna påsån skulle henge i ei snor kring halsen på meg. Der skulle han henge til han vart borte av seg sjøl, og dei skulle ikkje leite etter han. Det var ikkje bra.

Korleis kuren virka, har eg ikkje høyrt noko om, men truleg vart eg god att. (Fåberg.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *