Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Estin-hovden

Tru og sed (gamle truer)


På Lalm er det mykje klebber i jord'n. Somme stader der dei grev nå, finn dei att merker som tyder på at det har vore arbeidd der før. Det er fortalt at ein gong lenge sia var det sju mann som arbeidde i eit berg som nå kallast Estinhovden. Berget ligg på Taulstadeigun. Karan' hadde arbeidd seg langt inn gjennom berget, og det var godt rom inni der, så dei var der om natti au og likesom bodde der.

Ein kveld etter dei hadde gjort frå seg dagsens arbeid, og sat inni berget og stelte, fekk dei med eitt høyre noko som ropa:

– Ut!

Noko forundra vart dei nok på kva detta kunne vera, men det vart ikkje meir å høyre, og så vørde dei det ikkje meir. Men om ei stund ropa det att på same måten. Det ropa tri gonger. Etter tridje gongen gjekk eine karen ut og skulle sjå etter kva det var. Da han vel var utkomen, rasa berget i hop. Såleis vart han berga, men dei andre seks såg dei aldri meir. Det er ingen nå lenger som veit meir om dette, eller kva det var som ropa, men det måtte vera som eit varsel. Han som vart berga, heitte Estin, og etter han fekk berget namnet. (Vågå.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *