Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Etter Buvegen

Buvegen

Buveg frå garden Eiken.
Fotograf ukjent.

Buvegane på dei mange hundre sørlandsgardane har nok for det meste «gjort seg sjølv», som det heiter om visa, eller rettare sagt: Blitt laga av fefot. Kvar gard hadde sin buveg — Somme i lag med naboen. Kvar buveg var spesiell på sin eigen måte. Buvegen med stor B. Det var min buveg.

Før dei tok til å lage kulturbeite, måtte buskapen på skogen å finne maten sin heilt frå ospelauet var stort som eit musøyre om våren, og til hausten når håa var beiteferdig. Morgon og kveld desse lange, varme sommarmånadene måtte kyrne jagast opp til skogen om morgonen, og ned frå skogen om kvelden. Grinda, eller leet, som vi sa, var i «Huarheuen». Vegen var kronglete og smal og måtte alltid ha ei oppsjekking om våren før sleppinga. Haustflaumane og kuklauene sleit på vegdekket. Ein stad var der eit «klymstre» så vidt ei storvomma ku fekk pint seg gjennom. Ein annan stad var der ein sprekk mellom to steinar, der ei ku hadde sett fast hovudet i bestefars tid. Der hadde han sett i ein stein etter den episoden.

På Voddeberget var der vatn for tørste mular, men det hende at kyrne slost om vatnet når det var svært varmt, slik at nokre måtte gå tyrste heim til ei lang natt i ein varm flor. Buskapen har si eiga rangordning, og alltid måtte Gulldokka føre fana. Difor måtte ho og ha den beste bjølla. Etter henne kom Plomma, dotter hennar. Om det var arv, miljø eller ansiennitets-prinsippet som gjorde det, skal eg ikkje ha sagt. Etter desse to kom så Blomri, Fagarros, Lilja og Brånnsia. I tillegg til desse var det kanskje ei ku og ei kvige eller to som «låg ute» på heia, og ikkje kom heim for mjølking om kvelden.

Å hente kyrne heim for kvelden blei kalla «å gå i mode» (mote/møte). Ein snappveg gjennom Eikelia heiter endå «Modeveien». Sjølve Huarheuen er ein rund morenehaug. Frå denne var der fritt utsyn over ein del av heimeskogen, før granskogen vaks opp. Var ikkje kyrne komne til leet, var det greitt å kalle på dei her.

Sjølve Huarheuen ligg like sør for Lospårbakk som endar i ei stupbratt ufs. Litt lenger nordaust i denne ufsa hadde der ein gong ramla ned ei kvige. Eg såg endå nokre store, kvite bein som låg bak det eventyrlige grevlinghiet, då eg var liten. Men lenger vest, under den same ufsa, hadde der kome eit stort vapsebøle eit år. Det var endå første gongen onkel Ole var heime frå Amerika, 1926. Det var ei straff og ei plage å få kyrne framom her. Eg var bare fem år og ennå litt liten til å jage kyrne, men eg skulle vere med når bølet skulle 4i1 pers». Far, onkel, eg og tenesteguten skulle stå for eksekusjonen. D.v.s. sjølve luftfarten og kanonaden stod nok far føre. Han hadde skore seg ei lang raunestong. På den hadde han bunde fast ein dynamittgubbe med gnall og lunte. Han tende fyrstikka, og åtte auge fylgde spent med då lunta freste. Eldsnøgt stakk han den heimelaga granaten tett inn under vapsebølet og venta på smellen. Smellen kom. Å skrekk og gru som det small der tett inn under ufsa. Av bølet blei der ingen ting att, og heller ikkje av vapsane. Tida var nøyaktig fastsett til så seint på kvelden at alle innbyggjarane skulle vere i hus.

Etter dette blei det på nytt fredelig å jage kyrne etter buvegen, og smått om senn blei det min jobb, då eg blei nokre tommar høgare. Det var ei god tid når ein kunne springe utan sokkar og tresko, og blåbæra tek til å mogne.

Nå er det for lenge sidan slutt på den tida då berrføtte barn jaga kyrne etter buvegane morgon og kveld på dei mange sørlandsgardane. Det er slutt på at far sjølv løyste av barna sundagsmorgonen. Han gjekk med vest og kvit skjorte, og det var dryppstille, og solvarm helg over den gamle garden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *