Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Evanger Musikklag, Evanger

Evanger_Musikklag-Evanger
Fotograf ukjent.
Fyrste rekkja frd vinstre: O. S. Hernes, O. Kondestveit, H. Aldal, dirigent D. bønhovde, H. Fadnes, Bjarne Botten, J. Styve.
Andre rekkja fra vinstre: N. Flatekval, K. Skutlaberg, N. Brunborg, J. Skorye, J. J. Århus, S. Hernes, form. J. Fadnes, O. I. Hernes, N. Styve.

Det var kjøpmann Anders Rongen som gjorde opptaket til skiping av Evanger musikklag. Etter å ha halde ein marknad og attåt teke eit lån, var finansieringa i orden, og 11. november 1927 vart laget skipa.

Laget sin fyrste formann var A. Rongen, og elles med i styret: Berge Bjørgo, Harald Otnem og Peder Hosås. Øvingane vart halde i Evanger ungdomshus.

A Rongen var og fyrste dirigenten, og seinare dirigentar har vore: Bjarne Botnen, Magnus Mjelde og Didrik Rønhovde, som no er dirigent.

Då bygdi er heller liten og ungdomen må søkja ut etter arbeid, skifter lagslemene ofte, men i dei seinaste år har laget, etter måten, arbeidt godt.

Dei gamle instrument er for det meste skifta ut med nye, og i 1954 fekk laget sine uniformar.
Laget underheld på dei fleste tilskipingar i bygdi, og har elles delteke på fylkesstemne på Voss 1952, og i Øystese 1954.

Evanger musikklag har no 15 medlemer, og det noverande styre er: Johs. Fadnes, formann, Bjarne Botten, Nils Brunborg og Sofus Hernes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *