Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Even Otnes

Han Even fall i krigen. Han fekk ei kule gjenom veiklivet. Dei som var med saag han datt paa fire, og høyrde han bad Gud hjelpa seg. So stod blodspruten ut tur munnen paa han, og daa var det gjort.

Heime hadde han att ei gjente, Ragnhild, og ho syrgde mest livet taa seg daa ho fekk høyra han hadde falle. Dei stod ferduge og skulde gifta seg daa han laut i vegen, og daa var ho med barn. So vart han burte, og ho fekk tvillingar.

I 1818 kom kongen, Karl Johan, gjenom Rendalen, og daa møtte ho upp med eit barn i kvar hand og tala um soga si aat han.

Det var vons fleire som fall taa rendølane. Berre taa kameratane hans Even var det fleire. Ein fra Søstu Lomnes vart burte, Bersvein Sæmingsen døydde paa sjukehuset taa saar, Sæming Skaret vart skoten, og likeins Ola Hornset. Det var 4 brør med fraa Hornset, Simen, Erik, Tollev og Ola Olsøner.

Embret Olsen var fadd i Engerdalen, men flutte til Rendalen. Han hadde rekning paa fleire han hadde skote. Elles kunde han alder havt hjartelag til aa skyta paa eit menneskje, sa han; men der vart han so hard, han laag attmed ei elv og pila ut ein etter ein, til svenskane kom so innpaa han laut ta kuten, og han vyrde det ikkje meir enn han skaut paa dyr i skogen.

Haakon Sørjota vart teken til fange og førd til Karlstad; men han hadde det bra i alle maatar, sa han. Daa det vart fred, og dei skulde heimatt, fekk dei køyra som storkarar, og so fullskuande fekk dei taa mat og drikke, so dei vart fulle daa dei var paa heimveg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *