Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Fåberskongen og Ringsakkongen


I gamal ti' hadde Fåber' ein bygdakonge som heldt til på Engjeberge neafor Kastrud. Oppå berget hadde han bygt ein mur tå stein, så det vart ei borg, og der kunde han kjenne seg bra trygg for fiendom. Svartevja går tett innåt Engjeberge, og etter desse evjun kunde kongen og folket hans lett og fritt segle ut i Lågen og Mjøsa.

På Ringsak var det au ein konge, og han heldt til på Steinsberge. Desse to kongan låg i ufre' med einan'. Ringsakkongen var stor i ordom og let på at han skvatt ikkje for Fåberskonga.

– Je blir itte redd før lia reinn og Mjøsa breinn, sa han.

Detta fekk Fåberskongen høyre, og så fann han på at han skulde skræme Ringsakkongen. Han fekk folka sine til å laga til ein uhorveleg diger flåtå tå furutimmer, og på flåtån la han mykje turr ved og anna som brann lett. Og da nordavind'n kom, segla han utover Mjøsa med flåtån og sette varme på veden og styrde beint på Steinsberge. Det vart ein svr røyk og varme, og for Ringsakkonga såg det ut som det rauk og brann, både Mjøsa og lia vestafor. Nå var det slik som han hadde sagt at «lia reinn og Mjøsa breinn,» og nå vart han redd.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *