Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Fang

Små barn får stundom fang (krampe). Det kan bli så hardt at dei læser munnen. Da lyt ein ta ei sylvskei og stinge inn millom tennom og brote opp att munnen med.

På grensen millom Fåberg og Brøttum er det ei kjelde med helsebot-vatn i. Det skulle vera Sant-Ola som fekk ho fram den gongen han for der. Folk har bruka av det vatnet åt småborn, så dei ikkje skulle få fang.
(Fåberg.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *