Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6

Fantane i Førre

I Førre, inste garden i Jøsenfjorden, budde ein gong ein mann som heit Tosten. Han hadde kona og ei dotter.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde. Bildet heter Fantefolk på fjellet og er malt av Theodor Kittelsen

Ein sommar kom det rekande eit fantefølgje og slo seg ned i naustet hans. Det var tre karar og eit kvinnfolk. Rett som det var kom dei opp til garden og tigga etter mat og andre ting. Og folket torde kje anna enn gje det dei bad om, for dei såg helst ugotlege ut. Tosten vart reint i vande med desse fantane som gav seg til, og han grunda på kva han skulle finna på for å bli kvitt dei. Ikkje kunne han sleppa ut fjorden for å få tak i hjelp, for det nekta dei. Og kvinnfolka var redde for å vera åleine dersom han reiste nokon stad. Omsider fann han på ein utveg han ville freista. Han skulda på at han måtte ro ut og henta nokre slaktesauer han hadde gåande utpå strendene. Då let dei han fara, for dei tenkte vel at nå skulle det bli ferskt kjøt å få.

Tosten rodde makeleg utetter, men då han avleita attom neset, fossrodde han til Segadal og fekk mannen der med seg. Sia rodde han lengre inn og fekk fleire mann på Haua med.

Då dei rodde innatt og kom så langt at dei såg til Førre, la karane seg ned på kne og armar, og då såg det ut som dei kvite vadmålsstykka i vestryggene var sauer.

Så snart dei landa i støa, var ikkje Segadalmannen sein om å hoppa på land og ta til sprangs mot naustet og opp på naustlemen der fantane heldt til. Den eine fanten treiv børsa og sto ferdig til å løysa skot, men Segadalsmannen var kjapp og fekk bæja børsa til leds så skotet gjekk gjennom ei trofjøl. Dei andre karane kom til og fekk til slutt overmanna fantane, batt dei på hender og føter og rodde til lensmannen med dei.

Fortalt av Odd Hjorteland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *