Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6

Fantane på Ritland…

(Segner – Trollskap)

Ein dag dei dreiv med skurden på Ritland, kom det eit fantefølgje og snakka med folket ei stund. Tenestejenta hadde teke av seg sokkane og sett treskoa i åkerreina. Husbonden la merke til at ein av fantane sputta i eine treskoen til jenta då dei gjekk. Då sa han at ho for all del ikkje måtte trø i den skoen som fanten hadde sputta i.

Fantane la seg til i ei løa i Førlandshagen for natta. Om kvelden tok
Ritlandsmannen merra si og fekk henne til å trø i treskoen med fantesputtet. Med same vart merra så øsen og vill at ho tok til sprangs nedetter og kom til løa der fantane låg, og der sprang ho rundt huset og kneggja.

Fantane fekk ikkje det dei hadde tenkt for roninga si den gongen.

Fortalt av Lars Moe d.e.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *