Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Fanteguten

Han var komen frå Gudbrandsdalen millom 1810-20, fyrst til Rennebu og sidan til Gimse-høgdene. Han var på fart saman med andre rekefantar. Han handla med klokker og anna og hadde jamt mykje pengar på seg.

I Hemna budde den gong ein glup bjørneskyttar som heitte Nils Snildal. Han sagdest å ha lagt åt jordi 100 bjørnar. Han var ein haust ute på veiding og kom då til Gimse-høgdene der han trudde det var bjørnar. Rett som det var sprang ein kar ut or skogen og treiv tak i byrsa hans Nils og bad han sleppe.

«Nei,» sa Nils: «byrsa er mi, og bite frå seg har ho gjort før.»

Då treiv fanteguten etter slirekniven og truga Nils åä livet um han ikkje slepte byrsa. Nils gjorde ein brånykk, sleit byrsa or handa på fanteguten, rette den mot brøstet hans og skaut.

Då hauka det austanfrå haugane, og Nils skyna det var fleire. Han fann nokre pengar på fanteguten, som han tok av han, men fekk ikkje tid til røkje betre etter, for han høyrde det kom folk. Han la då på sprang og kom ned til Rise, sprang inn og bad kjerringa der gøyme seg. Ho let upp kjellarlemmen og slepte han ned. Rett som det var, kom nokre fæle karar inn og spurde um ho hadde sett ein veidekar fare framum.

«Jau, no nett strauk ein burt i Ligarden,» sa kjerringa.

Karane avstad og Nils var berga.

Våren etter var Snildalingen i Trondheim på marknad. Han sat inne på eit gjestgiveri, der det var mykje folk som sat og drakk. — Um ei rid kom ein og la handa på skuldra at Snildalingen og sa:

«Du flådd’ itj bjønn’ på rætt’ sia i haust, Nils Snildal. Hannj va feitar på hi.» – Dermed gjekk han, Nils skyna godt kva bjørn han meinte.

Nils fortalde dette sjølv. Folk spurde um han ikkje var redd.

«Ånej,» sa han; «eg har vore verre ute. Det var ei natt på Stuedalskjølen, då var eg redd. — Eg hadde stilt på ein bjørn og um kvelden nådde eg ikkje folk. Eg la meg i ei høyløde der det var ein glugge høgt uppe på veggen. Då det leid fram på natta, høyrde eg snakk utanfor. Det var eit stort fantefylgje som vilde inn. Dei tok til å klive upp til gluggen. Byrsa hadde eg med meg, men det var svært myrkt. Der var eit stort rivehaud, det treiv eg og smeiste til mannen over knokane. Han rausa ned og då høyrde eg at dei snakka um å tende eld på løda. Men det vart ikkje noko av, for det tok til å ljosne, og eg skulde nok enda kanskje svide ein eller annan, for dei fekk gjort det av med meg. Snildalingen vart gamal. Han døydde umlag i 1870.

Ved Ola Midtsiven, Rindalen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *